- Teater
Instruktørkurs: Barneteater
Bli med på instruktørkurs i barneteater!
- Cornerteateret, Kong Christian Frederiks plass 4, 5006 Bergen
- 600 (+500 for ikkje-medlemmar)

17.-18.januar 2026 inviterer Noregs Ungdomslag til instruktørkurs i barne- og ungdomsteater. Kurset skjer på Cornerteateret i Bergen, Kong Christian Fredriks plass 4.
Påmeldingsfrist 18.desember.
Om instruktøren
Instruktør på kurset er Kristin Saltkjelvik. Ho er utdanna skodespelar og dramapedagog. I 2015 tok ho etterutdanning som kunstnerlærar (Teaching Artist). Kristin har gjennom si stilling ved Vestlandske Teatersenter (VT) opparbeidd seg 25 års erfaring som teaterinstruktør for barn og unge. VT underviser 100 teaterskuleelevar i alderen 8-20 år kvar veke, og har i tillegg tilbod for både yngre barn og vaksne amatørar.
Målgruppe
Dette kurset er for deg som vil lære meir om korleis du kan instruere i teater for barn og ungdom. Kurset er for både erfarne og nye instruktørar.
Om kurset
På dette kurset vil du lære metodar for korleis du kan instruere barn og unge på ein god måte, slik at de alle er godt førebudd til neste premiere! Du vil lære oppvarmingsøvingar og andre øvingar for å jobbe med stemmebruk, formidling og rollearbeid med barn og unge. Kurset vil óg ta føre seg korleis du kan planlegge og førebu øvingar og prosjekt på ein god måte.
Kurset er praktisk lagt opp og du vil reise heim med flere nye verktøy og mykje inspirasjon til å drive barne- og ungdomsteateraktivitet heime i ditt lokallag.
Praktisk
Stad: Cornerteateret, Kong Christian Fredriks plass 4, 5006 Bergen
Tid: Laurdag 17. januar kl. 09.00 - 16.00 og sundag 18. januar kl. 10-15.
Pris: 600,- for NU-medlemmer, 1100,- for ikkje-medlemmer (inkl. lunsj)
Andre måltid er ikkje inkludert.
Overnatting er ikkje inkludert i kursavgifta og ein kvar må sjølv sørge for overnatting.
Fleire arrangement
Sjå alle- Levande kulturarv
Kven Veit? 2026
Folkedanslaget Sølja
Søljas tjuendedagsball 2026
Husegutua 1, 2334 Romedal, Norway
- 750 kr
Lysefjorden Ungdomslag
Verdiløse menn spiller til dans i Ungdomshuset over nyttår!
Edne 6, 5215 Lysekloster, Norway