Hopp til hovedinnhold

Søk gjesteinstruktør for hausten 2025Frist for å søkje er 1.juniLes meir og søk her

Kurs
  • Folkedans

Instruktørkurs folkedans for erfarne instruktørar

Bli med på instruktørkurs fyrste helga i februar.

  • Bygdelagssamskipnaden (BLS), Nordahl Bruns gate 22, 0265 Oslo
  • 500,-/1000,-
vegar som dansar

1.-2. februar 2025 arrangerer Noregs Ungdomslag instruktørkurs for erfarne instruktørar i folkedans. Kurset arrangerast i Bygdelagssamskipnaden sine lokaler, og går parallelt med den store dansefestivalen DANSDANSDANS med mykje spennande program.

Søk om å vere med innan onsdag 15. januar!

Gjekk du glipp av påmeldingsfristen og er interessert i å delta? Ta kontakt med på solveig@ungdomslag.no så ser vi om vi kan få deg med på kurset.

Dette instruktørkurset er for deg som har mykje erfaring som instruktør og folkedansar, og det er forventa at du har eit ynskje om å fordjupe deg i instruksjon og formidling av folkedans. På kurset får du også verktøy for å jobbe med og bli bevisst din eigen dans. Instruktør på kurset er Vegar Vårdal, ein av landets fremste pedagogar innan folkedans og folkemusikk. Musikar er Olav Christer Rossebø.

Kurset har eit avgrensa tal med plassar. Liknande kurs vi har arrangert tidlegare har fått venteliste. Ynskjer du å delta på kurset må du fylle ut skjemaet på Checkin som gjeld som ein søknad om å delta. Frist for dette er onsdag 15. Januar kl. 23:59. Kort tid etter denne fristen vil du få svar om du får plass på kurset. Du blir berre fakturert for kurset dersom du får plass. Deltakarar forventast å delta begge dagar på kurset.

Stad: Bygdelagssamskipnanden i Oslo.
Tid: Laurdag 1. februar kl. 10-17 og sundag 2. februar kl. 10-15.
Pris: 500,- for NU-medlemmer, 1000,- for ikkje-medlemmer (inkl. lunsj og kaffi/snacks).

Overnatting:
Har du behov for overnatting ordnar kvar enkelt dette sjølv. Men vi vil anbefale Hotell Bondeheimen som ligg ein liten spasertur frå både kurslokalet og frå Riksscenen (der mykje sosialt og fagleg skjer om kvelden). Medlemmar i Noregs Ungdomslag får 15% rabatt på overnatting ved framvising av medlemskort, ta kontakt på mail/telefon direkte med hotellet for booking. 

Vi anbefaler å søke lokal- eller fylkeslag om støtte til å dekke kostnader med kurs, reise og overnatting.

Kurset er støtta av Studieforbundet kultur og tradisjon.
Spørsmål? Kontakt oss på post@ungdomslag.no.

Fleire arrangement

Sjå alle
Leir
  • Folkedans,
  • Teater,
  • Levande kulturarv,
  • Bunad og handverk

Sommarleir 2025

Sunnmøre folkehøgskule, Ulsteinvik

  • 2200,- for medlemmar
Festival
  • Folkedans

ISLEK 2025

Úlfarsárdalur, Reykjavík, Island

  • 35 000 Islandske kroner (ca. 2800 NOK)

Bodø Folkedanslag

Søndagsdans 21.september 2025

  • kr 100,- (under 26 år kr 0,-)