- [object Object]
Instruktørkurs: linedance
Velkomen til instruktørkurs i linedance med Raymond Sarlemijn!
- BUL-Huset, Tromsø
- 600 (+ 500 for ikkje-medlemmar)

Første helga i mars inviterer vi til instruktørkurs for deg som har dansa linedance ei stund og som ønskjer å lære meir om korleis du kan lære vekk denne dansesjangeren til andre dansarar.
Om kurset:
Kurset går over 12 timar helga 7.-8.mars.
Instruktøren har lagt opp eit kursprogram som gir deg eit praktisk og teoretisk grunnlag for å bli ein sjølvsikker og profesjonell linedanceinstruktør. Gjennom kurset vil de arbeide med både steg, teknikk, metodikk, koreografi, musikk, førebuing av undervisning, samt di eiga rolle og ditt ansvar som instruktør.
Om instruktøren:
Instruktør på kurset er Raymond Sarlemijn, ein anerkjent, prisvinnande og mykje brukt dansar og instruktør. Som deltakar på kurset vil du få gleda av å lære av ein av dei beste dansarane i verda innan sjangeren.
Alle som gjennomfører kurset vil få kursbevis som stadfesting på deltaking.
Målgruppe:
Ungdom og vaksne som har dansa ein del linedance og som ønskjer meir kunnskap og kompetanse i korleis lære vekk linedance til andre. Kanskje du instruerer i eit lokallag og ønskjer påfyll, eller kanskje du har eit ønske om å starte opp linedanceaktivitet der du bur?
Då passar dette kurset for deg.
PS: Det er ein føresetnad at du har kjennskap til sjangeren.
Prisar:
NU-medlem: 600,-
Ikkje-medlem: 1100,-Pris inkluderer kurs, kursmateriell og lunsj begge dagar.Meld deg på her: (lenke til påmelding kjem snart)Kurset får vaksenopplæringsmidlar frå Studieforbundet kultur og tradisjon.
Fleire arrangement
Sjå alle- Levande kulturarv
Kven Veit? 2026
Folkedanslaget Sølja
Grunnkurs i gammeldans og folkedans vinteren 2026
Torggata 100, 2317 Hamar, Norway
- Voksne 400 kr, ungdom/student 300 kr. Medlemmer gratis. Betales ved frammøte med Vipps eller kontant.
Folkedanslaget Sølja
Ordinær mandagsøving i Hamar kulturhus vinteren/våren 2026
Torggata 100, 2317 Hamar, Norway
- Medlemskontingent. Åpent for nye dansere.