- Levande kulturarv
Kven Veit? 2026
Påmeldinga til Kven Veit? 2026 er no open. Påmeldingsfrist er 15. desember.
Nyttige lenkjer

Kven Veit? er ei nasjonal kunnskapstevling, eller quiz som vi med tida har vorte meir vande med å kalle det. Noregs Ungdomslag har arrangert tevlinga årleg sidan 1963. Her blir allmennkunnskapen testa, i tillegg til at deltakarane skal fordjupe seg i årets tema. Vi lagar temahefte, spørsmål, svarark og skjema til tre rundar med tevling. For kvar tevling får laga tildelt 10 kategoriar med til saman 30 spørmsål. Av desse er 6 spørsmål knytt til tema og ein kan altså lese seg opp på førehand.
Tema for Kven Veit? 2026 er Kulturarv og konflikt. Temaet tek utgangspunkt i fråsegnet Kulturarv vert øydelagd av krig og konflikt som blei vedteke på Landsmøtet i 2024. Utan å avsløre for mykje av kva de får lese i temaheftet for 2026, vil de få innblikk i ei rekkje ulike eksempel på kultur og konflikt til ulike tider og i ulike deler av verda. Vi håpar det blir både spanande og lærerrikt.
Viktige datoar
- Påmeldingsfrist: 15. Desember
- Første tevlingsrunde: 19. januar - 6. februar. Dette betyr at laga må ha gjennomført tevlingsrunda i denne tidsperioden.
- Innlevering av svar frå første runde: 6. februar
- Andre tevlingsrunde: 9. februar - 6. mars
- Innlevering av svar frå andre runde: 6. mars
- Tredje og siste tevlingsrunde: 9. mars - 27. mars
- Innlevering av svar frå tredje tevlingsrunde: 27. mars.
- Landsmøte og kåring av resultata: 18. april
Resultata frå dei ulike rundene blir publisert omtrent to veker etter at sekretariatet har motteke alle svar fra runda.

Prisar
Medlemspris 1-3 deltakarlag: 500 kroner per lag
Medlemspris 4 eller fleire deltakarlag: 350 kroner per lag
Pris ikkje-medlem 1-3 deltakarlag 600 kroner per lag
Pris ikkje-medlem 4 eller fleire deltakarlag: 450 kroner per lag
Pris Kven Veit? studiemateriell fysisk hefte: 100 kroner + porto

Fleire arrangement
Sjå alle- Teater
Instruktørkurs: Barneteater
Cornerteateret, Kong Christian Frederiks plass 4, 5006 Bergen
- 600 (+500 for ikkje-medlemmar)
Folkedanslaget Sølja
Søljas tjuendedagsball 2026
Husegutua 1, 2334 Romedal, Norway
- 750 kr
Rogaland Ungdomslag
Storkurs
Rektor Oldens Gate 17, 4022 Stavanger, Norway
- 1800kr for kurs og mat. Overnatting i tillegg.
