- Folkedans
ISLEK 2025
Bli med til Island på folkedansfestivalen ISLEK.
- Úlfarsárdalur, Reykjavík, Island
- Info kjem
14.-20. juli 2025 blir det eit mindre Nordlek-stemne, kalla ISLEK, i Reykjavik på Island. Dette er også ISLEK sitt 50-årsjubileum.
På ISLEK blir det dans, spel, draktutstilling, utfukter mm. Det blir tilbod om skuleovernatting på stemnearenaen.
Sjå oppdatert informasjon frå september 2024 under. Meir info kjem på arrangørens nettside etter kvart.
Bli med til Island
ISLEK er eit eineståande intimt stemne for nordisk kultur. No kan du bli med å feire 50-årsjubileum av ISLEK på Island i juli 2025!
Det nordiske folkedans- og folkemusikkstemnet ISLEK2025 går føre seg 14.-20. juli 2025 i Úlfarsárdalur, Reykjavík. Stemnet er for alle medlemmer i Nordlek (Noregs Ungdomslag), i tillegg til andre interesserte i nordisk folkekultur.
Praktisk informasjon frå arrangøren
Velkomen til ISLEK 50 år!
Þjóðdansafélag Reykjavíkur (Reykjavik folkdansforening) har arrangerat ISLEK åtte gonger tidlegare, sidan 1975 med omlag 160-350 deltakarar kvar gong.
No inviterer dei alle folkedansarar og folkemusikarar til ei stemneveke med sprudlande danseglede, buskspel, samspel, dansespel, kurs, nordisk danseaften, ballader, historiske dansar, folkedrakter og avslutning med festmiddag. Det blir også framsyning av dans og musikk i Arbæjarsafn museum og i Reykjavik-området.
Det blir utstilling av islandske folkedrakter og handtverk i samarbeid med Heimilisiðnaðarfélag Íslands (Hemslöjden i Island). Du kan også få med deg foredrag om islandsk folkemusikk og folkedrakter, samt utflukt til lokale handtverkarar.
Trykk her for å sjå det førebelse programmet frå arrangøren.
Overnatting og arena
Det er moglegheit for overnatting og fullkost på Dal skoli som har ein stor matsal der alla måltid vert servert.
Her finnes det også fleire lokaler til dans og musikk. I området er det mellom anna kulturhus og symjehall med basseng, badstove, jacuzzi og sklie, samt ein idrettshall. Stor parkeringsplass ved skulen.
Reise til Island
Fly
Frå Noreg flyr mellom anna SAS, Norwegian og Icelandair med direkteavganger Oslo-Reykjavik, som tek i underkant av 3 timar. Icelandair har også direkteavganger frå Bergen i sommarsesongen. I tillegg finnest det nokre avganger med mellomlanding. Det er lurt å bestille reise i god tid for beste prisar og sikra plass på ønska avgang.
Med båt
Ynskjer du å oppleve meir av Island når du fyrst tek turen? Då kan vi anbefale å ta med bil på båten, Norröna , frå Danmark eller Færøyene til Seydisfjordur. Dette er andre sida av Island for Reykjavik, og du kan køyre rundt på øya for å oppleve mykje fint. Køyreturen Seydisfjordur-Reykjavik tek ca. 8-9 timar i eitt strekk.
Meir informasjon om påmelding, program, reise, stemneavgift, overnatting og mat blir snart tilgengeleg på arrangørens heimeside.
Arrangør av ISLEK2025
Bendt Pedersen leiar i Reykjavik folkdansforening
Lilja Petra Ásgeirsdóttir, kontaktperson
E-post: ISLEK2025@gmail.com
Samarbeidsorganisasjonen Nordlek er ansvarleg arrangør av ISLEK
Besøk nettsiden til Forbundet Nordlek
Forbundet Nordlek er eit nordisk samarbeidsorgan som arbeider for å fremje den tradisjonelle nordiske folkekulturen. Forbundet har røtter i dei store nordiske folkedansstemna som har vore arrangert sidan 1920, og skipar i dag til NORDLEK og BARNLEK kvart tredje år i tillegg til mindre stemne som Havleikur, Isleik, Grønlek, Ålek, og Nordiske Folkekulturkongressar. NU har vore med heilt frå starten, og er einaste norske medlemsorganisasjon.
Fleire arrangement
Sjå alle- Folkedans,
- Levande kulturarv,
- Bunad og handverk,
- Ungdomshus,
- Teater
Opent NU-kontor
- 0
Bergen ungdomslag Ervingen
Landsrådsmøte
BUL Ervingen, Kong Oscars gate 18, 5017 Bergen
- Info kjem
- Folkedans
Bergen ungdomslag Ervingen
Barneinstruktørkurs folkedans
BUL Ervingen, Kong Oscars gate 18, 5017 Bergen
- 500,-