Nettmøte: Korleis gjennomføre eit godt årsmøte?
Skal styret i lokallaget eller fylkeslaget straks gjennomføre årsmøte?
Bli med på nettmøte om korleis gjennomføre desse på ein god måte.

Tid: måndag 20.januar kl.20.00 - 21.00
Stad: digitalt
Januar, februar og mars er årsmøtesesong for lokal- og fylkeslag i Noregs Ungdomslag. Mange lag og tillitsvalde er godt kjente med eigne vedtekter og rutinar, medan andre kan ha behov for rettleiing eller oppfrisking til korleis gjennomføre eit årsmøte. Nokre lag kan ha ønskje om gode råd til korleis ein kan gjennomføre desse møta på ein ryddig, god og inspirerande måte.
Årsmøtet i lokallaget eller fylkeslaget treng ikkje berre vere formalitetar. Det kan også vere ein hyggeleg sosial arena for medlemmane. Målet bør vere å ha så høg oppslutning om årsmøtet som mogleg for at medlemsmassen skal få god innsikt i kva som er gjort og kva som er planlagt i laget.
Kontoret inviterer difor til nettmøte måndag førstkommande der vi snakkar om korleis lokal- og fylkeslaget kan gjennomføre sine årsmøte på ein god måte.
Innhald:
- Innkalling: innhald og formelle krav. Kva står i laget sine eigne vedtekter?
- Kva er ei god årsmelding?
- Valnemndsarbeid: Korleis få valnemnda til å fungere godt og nå sine mål?
- Sjølve gjennomføringa av møtet;
- Korleis få til ei god organisering av møtet?
- Korleis gjere årsmøtet til ein hyggeleg sosial arena?
- Korleis finne plass til ikkje-formelt innhald? T.d.:
- presentasjon av lokallag
- underhaldning
- fagleg bolk
- temadiskusjon
- anna?
Møtet er digitalt og blir gjennomført på Teams.
Møte ID er 345-720-908-383
Passord: A8Un63iP
Du treng ikkje melde deg på møtet.
Velkomen!
Fleire arrangement
Sjå alleLista Ungdomslag
Onsdagsdans på Nortun
Nordbygdveien 183, 4560 Vanse, Norway
- Medlem i ungdomslag kr 20,- / Ikke medlem kr 50,-.
Folkedanslaget Sølja
Ordinær mandagsøving i Hamar kulturhus
Torggata 100, 2317 Hamar, Norway
Folkedanslaget Sølja
Grunnkurs i gammeldans og folkedans
Torggata 100, 2317 Hamar, Norway
- Voksne: 400 kr, Ungdom/student: 300 kr for hele kurset - 10 ganger (betales ved frammøte med Vipps eller kontant).