Fleire hundre norske og nordiske dansarar og musikarar har meldt seg på NORDLEK, som skjer 16.-21. Juli 2024.
1. april, altså andre påskedag, aukar påmeldingsavgifta med 500,-, og vi ventar mange påmeldte til sommarens store musikk- og dansefestival i Arendal. Kanskje du har tenkt å melde deg på før eller i påska?
Torsdag 21. Mars kl. 18 inviterer vi til ope nettmøte om NORDLEK. Her kan du stille alle spørsmål du måtte ha med tanke på påmeldinga. Arrangørar av festivalen og tilsette ved NU-kontoret svarar så godt dei kan for å sikre at du får svar på alle spørsmål før du melder deg på. Er det noko vi ikkje kan svare på er vi også tilgjengelege dagen etter for å finne ut av dine spørsmål.
Fleire arrangement
Sjå alleFolkedanslaget Sølja
Familiedans for barn (3-10) med familie
Torggata 100, 2317 Hamar, Norway
- Gratis dans. Salg av pølser, kaker, kaffe og saft
Folkedanslaget Sølja
Ordinær mandagsøving i Hamar kulturhus høsten 2026
Torggata 100, 2317 Hamar, Norway
- Kvar måndag
- Medlemskontingent. Åpent for nye dansere.
