- Folkedans
Seminar: Folkedans på resept
Velkommen til eit inspirerande seminar om folkedansens effekt på folkehelsa under Folkelarm i Oslo 14. november.
- Riksscenen, Trondheimsveien 2T, 0552 Oslo
Nyttige lenkjer

“Forskningen viser, at folkedans med levende musik og instruktion kan øge mental og fysisk sundhed hos unge udsatte og hos voksne med psykisk sygdom”.
- Fod på gulv
Kva for potensiale og nye jobbmuligheiter finnast for folkedansarar og -musikarar i førebyggande arbeid og behandling av psykisk uhelse? Velkommen til eit inspirerande seminar om folkedansens effekt på folkehelsa!
Torsdag 14.november
kl. 15:30 - 16:45
Riksscenen, Klubbscenen
Seminaret startar med ein presentasjon av det danske prosjektet Fod på gulv ved Gerda Hempel. Dei har gjennomført to grundige studier på det sosiale og helsefremmande aspektet ved folkedans i to brukargrupper innan helse. Vi får presentert praksisnær forsking. Vidare får du høyre ein panelsamtale med følgande deltakarar:
- - Gerda Hempel – prosjektleiar for Fod på gulv, Tempi
- Marit Stranden – dagleg leiar for Nasjonalt kompetansesenter for kultur, helse og omsorg.
- Solveig Korum – jobbar med bærekraftsperspektivet i kultursektoren, kulturell og sosial bærekraft
- Else Myhr – utøvande folkemusikar og folkedansar. Vidareutdanning i musikkbasert miljøbehandling ved Nord universitet. Dirigent, ildsjel, musikklærar og lærar i kulturskulen.
- Ordstyrar: Tone Erlien Myrvold fra Norsk senter for folkemusikk og folkedans.
Seminaret arrangerast i samarbeid med FolkOrg, Noregs Ungdomslag og Norsk senter for folkemusikk og folkedans.
Fleire arrangement
Sjå alle- Folkedans
Folkedanslaget Sølja
Grunnkurs i gammeldans og folkedans våren 2026
Torggata 100, 2317 Hamar, Norway
- Kvar måndag fra
- Voksne: 400 kr, Ungdom/student: 300 kr for hele kurset - 10 ganger (betales ved frammøte med Vipps eller kontant).
- Folkedans
Folkedanslaget Sølja
Ordinær mandagsøving i Hamar kulturhus vinter/vår 2026
Torggata 100, 2317 Hamar, Norway
- Kvar måndag fra
- Medlemskontingent. Åpent for nye dansere.
- Bunad og handverk
Kurs for ungdom: sy stakkeskjorte frå Hallingdal
Kulturvernets Hus, Øvre Slottsgate 2B, Oslo
- 1500,-. (2000,- for ikkje-medlemmar)