- Teater
Teaterkurs: skodespelarteknikk og ensemblearbeid
Arrangør: Rogaland Ungdomslag og Bondeungdomslaget i Stavanger
Helga 17.-19. oktober 2025 er det NU-helg i Stavanger der vi mellom anna inviterer til teaterkurs laurdag kl. 10-16. Kurset foregår i Siddis-stova, i lokala til Bondeungdomslaget i Stavanger.
Foto: Stian Dirdal
- Siddis-stova, Rektor Oldens gate 17, Stavanger
- 500 (+ 250,- for ikkje-medlemmar)

Om teaterkurset
Driv du med teater og ønskjer å fylle opp verktøykassa di med fleire oppvarmingsøvingar og teaterleikar, eller ønskjer du å lære meir om korleis jobbe med utvikling av roller og karakterer på scena?
Regissør og teaterpedagog Heidi Kristiansen held kurs i skodespel og ensemblearbeid med fokus på tryggleik, tilstedeværelse og lytting i scenisk arbeid.
Om instruktøren
Heidi har brei erfaring som regissør, instruktør og pedagog, og har òg kjennskap til amatørteaterarbeid lokalt i NU frå ho var yngre.
Målgruppe
Kurset passar for deg som vil reise heim med nokre fleire tips til korleis legge opp ei teaterøving, anten det er for unge eller vaksne. Kurset passar også for deg som trivast best på scena og ønskjer å lære meir om korleis jobbe med skodespel og rolleutvikling.
Tidsplan
10:00 Kurs
13:00 Lunsj
14:00 Fortsetjing kurs
16:00 Kurs ferdig
18:00 Middag
19:30 Dansefest
Påmelding opnar om kort tid.
Har du spørsmål om kurset, ta kontakt med kulturrådgjevar Rita Sirirud Vatnehol, rita@ungdomslag.no
Bli med på teaterkurs!
Ta turen til Stavanger og bli med på kurs i skodespel og ensemblearbeid.

Kurset får støtte frå
Besøk nettsiden til Studieforbundet kultur og tradisjon
Studieforbundet kultur og tradisjon er eit studieforbund for frivillige organisasjonar som driv opplæring i folkeleg kultur som husflid, handverk, folkedans, teater, kystkultur og lokalhistorie, med meir. Noregs Ungdomslag var ein av stiftarane av studieforbundet.
Fleire arrangement
Sjå alleLista Ungdomslag
Onsdagsdans på Nortun
Nordbygdveien 183, 4560 Vanse, Norway
- Medlem i ungdomslag kr 20,- / Ikke medlem kr 50,-.
Folkedanslaget Sølja
Ordinær mandagsøving i Hamar kulturhus
Torggata 100, 2317 Hamar, Norway
Folkedanslaget Sølja
Grunnkurs i gammeldans og folkedans
Torggata 100, 2317 Hamar, Norway
- Voksne: 400 kr, Ungdom/student: 300 kr for hele kurset - 10 ganger (betales ved frammøte med Vipps eller kontant).