I dag er rundt 320 ungdomslag og rundt 12 000 enkeltpersonar med i Noregs Ungdomslag, og det er dei fordi det er fordelar å hente! Vi er ein organisasjon som jobbar for at det skal vere kulturaktivitetar og levande lokalkultur over heile landet, og vi har i over 125 år jobba for å hjelpe medlemmane våre. Same kor ungdomslaget held til og kva for aktivitet de driv med, er Noregs Ungdomslag der for å hjelpe laget ditt.  

Tips, råd og støtteordningar
Vi hjelper lokallaga med tips og råd til søknadsskriving, hjelper med drift av lagshuset, vi tilbyr kurs innan teater, dans og lagsdrift, og gir tilskot til gjesteinstruktør til laget ditt om de vil arrangere eit kurs. Å vere medlem hos oss, gjer det òg enklare å søke ulike støtteordningar som Frifondtilskot og kursstøtte hos Studieforbundet Kultur og tradisjon. 

Medlemmane våre får høve til å utøve både tradisjonelle og nye kulturuttrykk, samtidig som dei lærer å organisere aktivitetane. Særmerket ved organisasjonen vår er alle ungdomshusa, grendehusa, samfunnshusa; dei kulturelle ballbingane våre, men vi har òg mange lokallag utan eit eige hus.   

Gjennom å vere del av eit fellesskap, er vi alle med på å bygge ein større og betre organisasjon med mål om å sikre eit godt kulturliv uansett kor du bur i landet. 

Kontakt oss
Lurer du på om dette er noko som passar for deg eller laget ditt, eller ønsker du å melde deg inn?
Send ein e-post til post@ungdomslag.no, eller ta kontakt med Alf Steinar på NU-kontoret.
Alf Steinar når de på telefon 24 14 11 16, eller mailadressa alf.steinar@ungdomslag.no. 

For å sjå alle fordelane for lokallag i NU, sjå her: Lagsfordelar i NU