Hopp til hovedinnhold

NU-helga 2026•Påmeldingsfrist 1. juliLes meir og meld deg på her

251 NU-lag får utdelt ekstrastøtte

Regjeringa har sett av 255 millionar kroner i stimuleringsmidlar til organisasjonar som fekk momskompensasjon av Lotteri- og stiftelsestilsynet i 2020. Tilskotet blir fordelt etter ein lik prosentvis del av godkjent søknadsbeløp frå momskompensasjonsordninga.

illustrasjon

Noregs Ungdomslag hadde eit samla godkjent søknadsbeløp på 5 972 217 kr i 2020, og ved søknad om ekstrastøtte i år, har Lotteri- og stiftelsestilsynet gjort vedtak om at organisasjonen får tildelt 802 898 kr i tilskot.

Utbetaling i mai

101 452 kr av totalbeløpet er ekstrastøtte til sentralleddet, medan resten skal fordelast på lokal- og fylkeslag som fekk momskompensasjon i 2020. Alle søkarane har fått tildelt 13,44% av det godkjende søknadsbeløpet.

Pengane frå stimuleringsordninga vil bli utbetalt til laga innan utgangen av mai.

Små beløp

Det er sentralleddet til NU som utbetalar midlane vidare til sine underledd. Lotteri- og Stiftelsestilsynet opna for sentralledd kan la vere å utbetale til lag som får tildelt mindre enn 300kr. Sentralleddet til NU har derimot bestemt seg for at alle som får over 100kr, skal få pengane utbetalt. Det største beløpet som blir utbetalt er 23 626 kr, medan det minste beløpet er på 130 kr. I snitt vil dei 251 laga få utbetalt 2794 kr. Sjølv om "alle monner drar" når det kjem til å støttte friviligheita gjennom denne vanskelege koronapandemien, synest vi det nesten er litt flaut å skulle dele ut så små beløp til laga våre.

Håper på ny kompensasjonsordning

Tiltaket med å dele ut ekstrastøtte til dei som fekk momskompensasjon i 2020, er eitt av fleire stimuleringstiltak som vart varsla av regjeringa tidlegare i år. Den søknads- og aktivitetsbaserte delen av ordninga, skal etter planen lanserast i juni. Denne delen av ordninga vil ikkje gi støtte til tap av inntekter ved avlyste arrangement. Vi, og svært mange organisasjonar med oss, har dei siste månadanane prøvd å formidle til regjering og departement at vi mest av alt treng ei ny kompensasjonsordning på lik linje med krisepakke 2 og 3 i 2020.

  • Les vår kommentar til den varsla stimuleringsordninga for frivillige lag og organisasjonar
  • Les paraplyorganisasjonen Frivilllighet Norge sitt innspel om saka

Oppdatering 28. april kl. 15.34:

Det har akkurat kome pressemelding ifrå Kulturdepartementet om at stimuleringsordninga vil bli justert slik at kompensasjon for inntektsbortfall vert del av ordninga igjen. Vi oppdaterer med informasjon til laga våre, så snart forskrift og søknadsportal er klar: https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/justering-og-forlenging-av-stimuleringsordning-for-frivillighetssektoren/id2846423/

Fleire aktueltsaker

Sjå alle
Biletet viser ein mann som står på ein stige og koplar til ledning i veggen. Det står ein anna mann framfor han og ser på kva han gjer.

Kulturbyggstøtte gir firedobbel effekt

Sidan 2016 har Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Huset i Bygda delt ut 15,3 millionar kroner til ungdomshus, grendahus og samfunnshus i fylket. Ein ny rapport viser at kvar krone har utløyst nesten fire kroner i lokal investering.

29. september 2026

Dugnad på Folkvang ungdomshus på Gran, eigd av Fagerlund Ungdomslag

Pressemelding: Levande møteplassar over heile landet

Arena for nabolagshus styrker samarbeidet mellom aktørane som arbeider for gode lokale møteplassar over heile landet. Noregs Ungdomslag og SoCentral får saman ansvar for den daglege drifta ut prosjektperioden, og det vil bli prøvd ut ein meir formalisert struktur for styringsgruppa. Arbeidet er gjort mogleg av ei ny tildeling på 4 millionar kroner frå Sparebankstiftelsen DNB, som skal nyttast til å vidareutvikle arenaen og mobilisere fleire samarbeidspartnarar og rammevilkårsetjarar. 22. september inviterer arenaen til sparringsverkstad under Kulturarenakonferansen i Oslo.

17. september 2026

251 NU-lag får utdelt ekstrastøtte | Noregs Ungdomslag