"Åpent for alle" gir pengestøtte til kurs
Studieforbundet Kultur og tradisjon har no eit prosjekt med namnet Åpent for alle, med mål om å halde 120 kurs over tre år rundt om i Noreg, for å inkluderer menneske som er relativt nye i landet. Kursa skal vere lågterskel og inkluderande, og har mål om å bidra til språktrening, kulturforståing, å tilby eit fellesskap og eit nettverk.

NU-medlemmer kan søke støtte
Difor oppmodar dei medlemsorganisasjonane om å søke støtte til å gjennomføre kurs. Det gjeld også lokallaga i NU! Vil de halde eit kurs som er ekstra inkluderande for nye nordmenn eller dei som har søkt eit trygt tilvære her for ei stund, så er det økonomisk støtte å hente her. For å søke, kan de gå inn på kursportalen https://www.kulturogtradisjon.no/kursportalen og logge inn med bank id. Gå vidare til "Søk tilskudd" og "Opprett ny søknad". Et stykke nede på sida står det "Er det aktuelt å søke om tilretteleggingstilskudd?" Her kan de kort beskrive prosjektet.
Søknader blir behandla fortløpande, og Studieforbundet er raske til å behandle søknader!
Om lokallaget ikkje er registrert i kursportalen frå før, må laget søke tilknyting til Studieforbundets kursportal. Ved spørsmål, kontakt prosjektansvarleg og rådgivar Kristin Teigen Stasviken på tlf 91841263 eller mail kristin@kulturogtradisjon.no. Ho bidrar meir enn gjerne med meir informasjon om prosjektet, og kan òg vere med på eit møte fysisk eller digitalt, for å hjelpe dykk i gang eller svare på spørsmål.
Vil styrke språkkompetanse, inkludering og kunnskap om samfunnet
De kan anten tilpasse ordinære kurs til å bli ein arena for inkludering, eller opprette eigne inkluderingskurs. Døme på aktivitetar kan vere teater, dans og handtverk – til dømes sykurs, manusarbeid eller matlaging.
Dette skal vere lågterskeltilbod der språktrening og samfunnsforståing er i fokus. Målet er ein stabil og varig inkluderings- og læringsarena med plass til alle, der alle stiller som kursdeltakarar på lik line, med felles mål om å lære og danne nettverk, inkludering, ikkje «berre» integrering.
Tilskot
Dette er tilskotet de kan få:
Eit ordinært timetilskot på kr 115,- pr time
Tilretteleggingstilskot for eventuelle utgifter til tilrettelegging. Det kan til dømes vere utgifter til tolk, transport, å dekke kursavgift, materialar, barnepass eller ekstra lærarar.
I tillegg kjem kr 1000,- som ein bonus til laget, fordi de forstår kor viktig det er å halde slike kurs. Dersom laget held fleire Åpent for alle-kurs, blir kvart av desse kursa støtta med kr 1 000,-.
Les meir om Åpent for alle på Studieforbundet si nettside.



Fleire aktueltsaker
Sjå alle
Kulturbyggstøtte gir firedobbel effekt
Sidan 2016 har Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Huset i Bygda delt ut 15,3 millionar kroner til ungdomshus, grendahus og samfunnshus i fylket. Ein ny rapport viser at kvar krone har utløyst nesten fire kroner i lokal investering.
29. september 2026


Pressemelding: Levande møteplassar over heile landet
Arena for nabolagshus styrker samarbeidet mellom aktørane som arbeider for gode lokale møteplassar over heile landet. Noregs Ungdomslag og SoCentral får saman ansvar for den daglege drifta ut prosjektperioden, og det vil bli prøvd ut ein meir formalisert struktur for styringsgruppa. Arbeidet er gjort mogleg av ei ny tildeling på 4 millionar kroner frå Sparebankstiftelsen DNB, som skal nyttast til å vidareutvikle arenaen og mobilisere fleire samarbeidspartnarar og rammevilkårsetjarar. 22. september inviterer arenaen til sparringsverkstad under Kulturarenakonferansen i Oslo.
17. september 2026


Dans for born og ungdom på Ungdomshuset også i haust
Dans utan grenser Leikanger startar opp att med danseverkstad for born og ungdom på Leikanger ungdomshus 24. august 2026.
12. august 2026

