Bli med å takke alle frivillige 5. desember
Måndag 5. desember er Frivillighetens dag! Det er eit fint høve for oss alle i organisasjonen til å takke for all frivillig innsats og å takke dei frivillige i ditt lag! På nettsida har vi samla nokre malar, som de kan bruke for å sende ein takk i sosiale medium. Bruk den gjerne! Frivillighet Norge oppmodar òg om å bruke hasthagen #frivilliginnsats!

Tagg oss også gjerne på @ungdomslag! Emneknaggar / #hashtag:
#frivilliginnsats
#ungdomslag
#levandelokalkultur
Her er bilde de kan laste ned til bruk:
Bilde "Tusen takk for at du er frivillig!" breiddeformat
Bilde "Takk for at du er frivillig" kvadratisk (instagramvennleg)
Bilde "Tusen takk for at du er frivillig!" til story (høgdeformat)
Andre forslag til tagging for at de kan gjere dykk meir synlege:
@Frivillighetnorge, @Frivillighetensar2022 , @detnorskekongehus (kronprinsen er høg beskyttar av Frivillighetens år).

Fleire aktueltsaker
Sjå alle
Kulturbyggstøtte gir firedobbel effekt
Sidan 2016 har Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Huset i Bygda delt ut 15,3 millionar kroner til ungdomshus, grendahus og samfunnshus i fylket. Ein ny rapport viser at kvar krone har utløyst nesten fire kroner i lokal investering.
29. september 2026


Pressemelding: Levande møteplassar over heile landet
Arena for nabolagshus styrker samarbeidet mellom aktørane som arbeider for gode lokale møteplassar over heile landet. Noregs Ungdomslag og SoCentral får saman ansvar for den daglege drifta ut prosjektperioden, og det vil bli prøvd ut ein meir formalisert struktur for styringsgruppa. Arbeidet er gjort mogleg av ei ny tildeling på 4 millionar kroner frå Sparebankstiftelsen DNB, som skal nyttast til å vidareutvikle arenaen og mobilisere fleire samarbeidspartnarar og rammevilkårsetjarar. 22. september inviterer arenaen til sparringsverkstad under Kulturarenakonferansen i Oslo.
17. september 2026


Dans for born og ungdom på Ungdomshuset også i haust
Dans utan grenser Leikanger startar opp att med danseverkstad for born og ungdom på Leikanger ungdomshus 24. august 2026.
12. august 2026

