Bli med og snakk om bunad!
Denne hausten inviterer Noregs Ungdomslag og resten av samarbeidsorganiasjonane for bunad til UNESCO til regionale samtalemøte.

Desse møta er opne for alle som er interessert i å snakke om bunad og bunadbruk, og vi ønskjer å oppmode til sterk deltaking frå NU-lag i nærleiken av der møta finn stad.
Ein moglegheit for å påverke søknaden
Bunadbruken i Noreg er unik. Ein stor del av befolkninga eig og brukar bunad, og dei brukar den til høgtider. Variasjonen i bunadar er enorm, og det finst ei rekkje ulike materiale, mønster, teknikkar og historier knytt til bunad. Bunad vekker kjensler og engasjement, og har ein på seg bunad er det ofte ein samtalestartar. Samarbeidsorganisasjonane, som i tillegg til NU er Norges Husflidslag, Norsk Folkedraktforum, Norsk institutt for bunad og folkedrakt, og Studieforbundet kultur og tradisjon, ønskjer å setje søkjelys på den unike tradisjonen vi har for bunadbruk i Noreg. Ei innskriving på UNESCO si liste over immateriell kulturarv vil kunne føre med seg anerkjenning og status i tillegg til ei sikring av tradisjonskunnskapen om plagget og bruken.
Føremålet med samtalemøta er for prosjektet å samle inn refleksjonar og meiningar om bunad og bunadbruk. Alt innsamla materiale vil danne grunnlaget for innhaldet i søknaden til UNESCO. Det er viktig at vi får høyre kva bunadbrukarane meiner om bunad og bunadbruk, då søknaden skal vere folket sin søknad. Det er bunadbrukarane, eller kulturberarane, sine meiningar som skal vere bodskapet i søknaden. Du kan vere med på å påverke kva som står i søknaden gjennom å delta på dei regionale samtalemøta. For påmeldingsskjema og informasjon om kva tid og stad det er møte, sjå kalendaren til prosjektet her.:
Lokale møte
Viss du ikkje har høve til å delta på eit regionalt møte, så kan du eller laget ditt kanskje vere interessert i å invitere inn til eit lokalt møte om same tema? Kanskje de ønskjer å ha bunad som tema på ein lagskveld, eller kanskje styret vil ta føre seg spørsmåla om bunad og bunadbruk i eit styremøte? Det er fullt mogleg, og vi ønskjer at så mange som mogleg av våre lag inviterer til eit lokalt møte. Informasjon om korleis du gjennomfører eit lokalt møte, samt spørsmålshefte med spørsmål til diskusjon finn de på nettsidene til prosjektet her.
Ta kontakt med oss på post@bunadbruk.no viss du skulle ha spørsmål om møta eller nominasjonsprosjektet elles.

Fleire aktueltsaker
Sjå alle
Kulturbyggstøtte gir firedobbel effekt
Sidan 2016 har Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Huset i Bygda delt ut 15,3 millionar kroner til ungdomshus, grendahus og samfunnshus i fylket. Ein ny rapport viser at kvar krone har utløyst nesten fire kroner i lokal investering.
29. september 2026


Pressemelding: Levande møteplassar over heile landet
Arena for nabolagshus styrker samarbeidet mellom aktørane som arbeider for gode lokale møteplassar over heile landet. Noregs Ungdomslag og SoCentral får saman ansvar for den daglege drifta ut prosjektperioden, og det vil bli prøvd ut ein meir formalisert struktur for styringsgruppa. Arbeidet er gjort mogleg av ei ny tildeling på 4 millionar kroner frå Sparebankstiftelsen DNB, som skal nyttast til å vidareutvikle arenaen og mobilisere fleire samarbeidspartnarar og rammevilkårsetjarar. 22. september inviterer arenaen til sparringsverkstad under Kulturarenakonferansen i Oslo.
17. september 2026


Dans for born og ungdom på Ungdomshuset også i haust
Dans utan grenser Leikanger startar opp att med danseverkstad for born og ungdom på Leikanger ungdomshus 24. august 2026.
12. august 2026

