Hopp til hovedinnhold

NU-helga 2026•Påmeldingsfrist 1. juliLes meir og meld deg på her

Arrangement

Boklansering NU 125 år 16. oktober

Noregs Ungdomslag ynskjer velkomen til boklanseringar, teatermanussmakebit og musikkbingo i anledning NU 125 år.

Stad: Kaffistova i Oslo, kjellaren (inngang frå hotellet Bondeheimen)
Tidspunkt: Laurdag 16. oktober kl. 20:00, dørene opner 19:30.

Framsida av bøkene.

Hendinga skjer i samband med NU sitt landsrådsmøte, men denne delen er gratis og open for alle som ynskjer å delta.

BOKLANSERING x2
Boka "Levande lokalkultur - Noregs Ungdomslag 1996-2021" har akkurat kome frå trykken. Forfattar Jan Kløvstad gir ein fyldig og spennande gjennomgang over dei siste 25 åra til den totalt 125-år lange historia til Noregs Ungdomslag. Vi vil denne kvelden få høyre frå forfatteren sjølv om dei 25 åra.
I år kom også boka "Kaffikoppens kulturelle kraft", der Nils Seland gir ei historisk oversikt over lagsbruka - foretningsverksemdene innan Noregs Ungdomslag og Noregs Målag frå 1901 til 2020.

Presentasjon av begge bøkene v/ Jan Kløvstad.
Det vert sjølvsagt moglegheit til å kjøpe begge bøkene denne kvelden. Vi tek både kort og Vipps og kan ordne med faktura.

SMAKEBIT AV RATIONELT FJØSSTELL
I anledning NU si 125-årsfeiring har vi fått forfattar Olaug Nilssen til å modernisere Hulda Garborg sitt teaterstykke Rationelt Fjøsstell. Originalmanuset er frå 1896, og er ei komedie godt brukt av lokallaga våre. Denne kvelden vil Tenord vise dykk eit lite utdrag frå det nye manuset.

MUSIKKBINGO MED MONA
Vi avslutter kvelden med musikkbingo.
Alle veit kva bingo er, men i Monas spektakulære musikkbingo er bingohjul og røykos bytta ut med tidenes speleliste og discolys.

Vi håpar du vil dele laurdagskvelden med oss på Kaffistova, hjarteleg velkomen skal du vere!


Spørsmål? Kontakt oss gjerne på post@ungdomslag.no / 24141110.

Fleire aktueltsaker

Sjå alle
Biletet viser ein mann som står på ein stige og koplar til ledning i veggen. Det står ein anna mann framfor han og ser på kva han gjer.

Kulturbyggstøtte gir firedobbel effekt

Sidan 2016 har Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Huset i Bygda delt ut 15,3 millionar kroner til ungdomshus, grendahus og samfunnshus i fylket. Ein ny rapport viser at kvar krone har utløyst nesten fire kroner i lokal investering.

29. september 2026

Dugnad på Folkvang ungdomshus på Gran, eigd av Fagerlund Ungdomslag

Pressemelding: Levande møteplassar over heile landet

Arena for nabolagshus styrker samarbeidet mellom aktørane som arbeider for gode lokale møteplassar over heile landet. Noregs Ungdomslag og SoCentral får saman ansvar for den daglege drifta ut prosjektperioden, og det vil bli prøvd ut ein meir formalisert struktur for styringsgruppa. Arbeidet er gjort mogleg av ei ny tildeling på 4 millionar kroner frå Sparebankstiftelsen DNB, som skal nyttast til å vidareutvikle arenaen og mobilisere fleire samarbeidspartnarar og rammevilkårsetjarar. 22. september inviterer arenaen til sparringsverkstad under Kulturarenakonferansen i Oslo.

17. september 2026

Boklansering NU 125 år 16. oktober | Noregs Ungdomslag