Hopp til hovedinnhold

Momskompensasjonfrist: 1. juliLes meir og søk her

Nyheiter

Bunadmote og trendar, korleis møte ein marknad i utvikling?

Kva trendar ser ein innan bunadsfeltet i dag og korleis kan produsentar, fagmiljø og dei som elles arbeider med bunad møte desse trendane?
På første dag under Arendalsveka sette dei fem samarbeidsorganisasjonane for bunadbruk i Noreg søkelys på denne tematikken.

Noregs Ungdomslag, Norges Husflidslag, Norsk Folkedraktforum, Norsk institutt for bunad og folkedrakt, og Studieforbundet kultur og tradisjon har i ei årrekke samarbeidd om å løfte og synleggjere bunadbruk og tradisjonshandverk. Gjennom kurs, opplysningsarbeid, bruk, dokumentasjon og produksjon møter feltet eit mangfald av bunadbrukarar og har over tid sett ulike bunadstrendar kome – og gå.

Biletet viser tre kvinner
F.v.: Kathrine Gregersen, Siri Sveen og Camilla Rossing. Foto: Noregs Ungdomslag/Lene Storhaug

Samtale

Under samtalen på Arendalsveka vart Camilla Rossing (direktør, Norsk institutt for bunad og folkedrakt), Siri Sveen (dagleg leiar, Sidserk systue), Kathrine Gregersen (tidlegare husflidskonsulent), Terje Lia (styremedlem i Norges Husflidslag), Lill Engseth Andersen (lærling og Norsk Folkedraktforum) og Hanne Jakhelln (generalsekretær, Norges museumsforbund) utfordra på å seie noko om kva trendar dei har registrert og kva dagens bunadsbrukarar seier er viktig for seg. Dei vart også utfordra på å seie noko om korleis feltet kan møte ønska til brukaren og korleis ivareta den levande kulturarven som bunadbruken er. Samtalen vart leia av direktør i Norges Husflidslag, Ellen Krageberg.

Innleiingsvis teikna Camilla Rossing opp tidslina frå gamal draktskikk til bunaden slik vi kjenner han i dag. Eit fullsett telt med lydhøyre publikummarar fekk deretter eit innblikk i korleis Siri Sveen ved Sidserksystue arbeider og kva utviklingstrekk ho har registrert i møte med kundar. Siste faglege innleiar var Kathrine Gregersen som trakk fram at det er eit stort mangfald innan den eksisterande tradisjonen og at ein må vere på dei flatene yngre generasjonar er for å nå ut til dei med informasjon.

F.v.: Lill Engseth Andersen og Terje Lia. Foto: Noregs Ungdomslag/Lene Storhaug

Arvebunad, meir eigenproduksjon og digitalisering

Dei tre trendane som Siri Sveen løfta fram var at det kjem fleire kundar innom som ønskjer tilpassing av nedarva eller brukte bunadar. Det er også fleire som ønskjer å sy heile eller delar av bunaden sin sjølv. Grunnen er i hovudsak to ting – økonomi og identitet. Til sist er digitalisering av kunnskapsformidling, kurs og registrering av bunadar noko som mange er opptekne av. Fleire tusen deltakarar har teke digitale bunadskurs og det er ei generell aukande interesse blant yngre om å gå på kurs for å lære handverk.

Panelet var nokså samstemte i at trendane som er godt synlege i media i forkant av 17.mai, slik som t.d. fargerike polyesterskjorter, ikkje nødvendigvis er så store bland kundar og bunadbrukarar som ein kan få inntrykk av. Det var felles einigheit om at det er viktig å finne nye måtar å formidle bunadshandverket på, vere mottakeleg for kunden sine individuelle ønske, men samtidig opplyse om historia til bunaden og handverket på ein tydeleg måte. Vi har ein sterk bunadstradisjon i Noreg, som Camilla Rossing avslutta samtalen med å poengtere, og ein skal nok ikkje vere så altfor bekymra for ulike trendar.

Etter panelsamtala inviterte husfliden i Arendal til bunadkafe i sine lokaler. Her fekk deltakarane lære blant anna lære sparesaum, som blant anna er vanleg på dei broderte forklea til Åmlibunaden.

Biletet viser tre kvinner som sit og broderer
Ivrige deltakarar på bunadskafe i Arendal. Foto: Noregs Ungdomslag/Lene Storhaug

Fleire aktueltsaker

Sjå alle
Ei jente sit på ryggen til ei anna og spelar fele.

Takk for nydeleg Sommarleir!

For andre gong fann Sommarleir stad på Sunnmøre Folkehøgskule i Ulsteinvik. Det vart fem fine dagar med sol, dans, teater, song, leik og nye minne!

7. juli 2026

Lokallag

Torsdagsquiz på Leikanger ungdomshus

Er du klar for kunnskap, konkurranse og godt selskap? Frå september arrangerer Leikanger ungdomslag quiz på ungdomshuset den første torsdagen kvar måndad – alle er velkomne!

29. juni 2026

Logo dansebutikken.no

Ny medlemsfordel: Rabatt på dansesko!

Noregs Ungdomslag har fått ein ny medlemsfordel! Gjennom eit samarbeid med Dansebutikken.no får medlemmane våre no 10 % rabatt på alle varer i nettbutikken – også på varer som allereie er sett ned i pris.

18. juni 2026