Dans for born og ungdom på Ungdomshuset også i haust
Dans utan grenser Leikanger startar opp att med danseverkstad for born og ungdom på Leikanger ungdomshus 24. august 2026.

Våre gode samarbeidspartanarar i Dans utan grenser Leikanger held fram med det kjekke dansetilbodet for born og unge på Leikanger. I haust får dei hjelp av ungdom frå Sogndal og Balestrand, som tek over som danseinstruktørar medan nye danseinstuktørar frå Leikanger er under opplæring.
Emilie Jensen og Elvira Morken Bringe frå Sogndal blir nye instruktørane for 1.-5. klasse, og Madeleine Kleppe Holgersen frå Balestrand blir nye instruktøren for 6-VGS. Dei gler seg veldig til å bli kjent med dykk, så ta dei godt i mot.
Semesteravgifta er på kr 660, med 50% søskenmoderasjon på born nummer to, tre osv. Inkludert i dette er også medlemsskap i Leikanger ungdomslag.
DUG Leikanger startar opp med treningar i veke 35, og kontaktperson er Sofie Øren, vaksenleiar DUG, tlf: 47330263, e-post: sofie.oren@sogndal.kommune.no.

Fleire aktueltsaker
Sjå alle
Frivilligheita etterlyser større plass i kulturarvstrategien
Kvifor er ikkje det frivillige kulturvernet meir synleg i den nye strategien for immateriell kulturarv? Det spørsmålet stod i sentrum då Kulturvernforbundet, Noregs Ungdomslag og Norges Husflidslag inviterte til debatt under Arendalsuka. Debatten synte ei tydeleg usemje om kor stor plass frivilligheita har fått i strategiarbeidet.
10. august 2026


Bunadmote og trendar, korleis møte ein marknad i utvikling?
Kva trendar ser ein innan bunadsfeltet i dag og korleis kan produsentar, fagmiljø og dei som elles arbeider med bunad møte desse trendane? På første dag under Arendalsveka sette dei fem samarbeidsorganisasjonane for bunadbruk i Noreg søkelys på denne tematikken.
10. august 2026


Takk for nydeleg Sommarleir!
For andre gong fann Sommarleir stad på Sunnmøre Folkehøgskule i Ulsteinvik. Det vart fem fine dagar med sol, dans, teater, song, leik og nye minne!
7. juli 2026
