Hopp til hovedinnhold
Arrangement

Dansefestival i Oslo

Ei folkedansbølge går over landet, og det nye året dansast i gong med ein dansefestival over seks dagar i Oslo.

Plakat om dansefestivalenPlakat om dansefestivalen

30. januar til 4. februar arrangerast dansefestivalen "DANS, DANS, DANS" i Oslo. Eit stort samarbeidsprosjekt med danseaktivitet for unge og vaksne, nye og erfarne over seks dagar.

Fleire av lokal- og fylkeslaga i Noregs Ungdomslag har arrangement gjennom veka og Noregs Ungdomslag sentralt skipar til instruktørkurs laurdagen og sundagen. NU, FolkOrg og Riksscenen samarbeider også om eit kræsjkurs i rørospols. På Riksscenen blir det dansefest tre kveldar på rad i tillegg til dansekonsertar, forestillingar, gratis dansekurs og ein fagdag for folkedansarar.

Alle medlemmar i Noregs Ungdomslag får rabatt på arrangementa hjå Riksscenen, sjå etter kategorien "U23/FOLKORG/NU" ved billettkjøp på www.riksscenen.no eller meld frå om medlemskap ved kjøp i billettluka.

Festivalen er eit samarbeid mellom Riksscenen, Noregs Ungdomslag, FolkOrg, BUL Oslo, Bygdelagssamskipnaden, BLS Ung, Norsk senter for folkemusikk og folkedans og Sprang.

Meir informasjon kjem fortløpande, følg med i kanalane til Noregs Ungdomslag og samarbeidspartnarane.

Last ned heile festivalprogrammet her.

Instruktørkurs for erfarne

3.-4. februar inviterer Noregs Ungdomslag til instruktørkurs for erfarne og vidarekomne folkedansinstruktørar. Vi har fått med oss Ami Dregelid og Andreas Berchtold som er dansarar, dansepedagogar og instruktørar innan folkedans.

Dette er instruktørkurset for deg som ønsker å fordype deg endå meir i instruksjon og formidling av folkedans. Med Ami og Andreas kjem vi til å danse saman for å fokusera på ulike metodar for teknikk og samdans. Du som deltek på kurset får moglegheit til å utforske korleis du som instruktør kan bruke dette i eigen dans og formidle vidare til andre dansarar. Kurset legg opp til refleksjon, erfaringsutveksling og diskusjon. Det er forventa at du som deltek har god instruktør- og danseerfaring innan folkedans og at du er aktiv instruktør og dansar, med eit ønske om å fordype deg i faget.

Påmeldinga til kurset opnar siste veka før jul, med påmeldingsfrist 18. januar 2024. Det er avgrensa plass på kurset, så her gjeld det å vera tidleg ute!

Fleire aktualitetar

Sjå alle