Hopp til hovedinnhold

NU-helga 2026•Påmeldingsfrist 1. juliLes meir og meld deg på her

Del ditt minne som NU-medlem

Noregs Ungdomslag vart skipa i 1896 og fyller difor 125 år i 2021. Gjennom alle desse åra har lokale ungdomslag over heile landet drive med aktivitet for unge og gamle.

Nokre lag har hatt eige ungdomshus der dei har invitert inn til dansefestar, tombola, sommarfest og filmvising, medan andre ungdomslag har drive sin aktivitet utandørs, på skular, heime i stova eller i hoppbakken.

NU ønskjer å markere jubileet vårt med å få tak i alle gode historier og minne frå ungdomslaget. Vi vil høyre kva du har opplevd, anten du har vore medlem av lokallaget heile livet eller du har vore på eitt arrangement. Kanskje tek du oss langt tilbake i tid, eller kanskje du vil dele noko som du opplevde i fjor?

Vi sett stor pris på alle bidrag. Du kan anten svare anonymt eller med namn. Bidraga vil bli lagra i arkiv i tillegg til at dei kan bli brukt til å synleggjere aktivitet som har vore i ungdomslaget gjennom kanalane til Noregs Ungdomslag.

Fleire aktueltsaker

Sjå alle
Biletet viser ein mann som står på ein stige og koplar til ledning i veggen. Det står ein anna mann framfor han og ser på kva han gjer.

Kulturbyggstøtte gir firedobbel effekt

Sidan 2016 har Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Huset i Bygda delt ut 15,3 millionar kroner til ungdomshus, grendahus og samfunnshus i fylket. Ein ny rapport viser at kvar krone har utløyst nesten fire kroner i lokal investering.

29. september 2026

Dugnad på Folkvang ungdomshus på Gran, eigd av Fagerlund Ungdomslag

Pressemelding: Levande møteplassar over heile landet

Arena for nabolagshus styrker samarbeidet mellom aktørane som arbeider for gode lokale møteplassar over heile landet. Noregs Ungdomslag og SoCentral får saman ansvar for den daglege drifta ut prosjektperioden, og det vil bli prøvd ut ein meir formalisert struktur for styringsgruppa. Arbeidet er gjort mogleg av ei ny tildeling på 4 millionar kroner frå Sparebankstiftelsen DNB, som skal nyttast til å vidareutvikle arenaen og mobilisere fleire samarbeidspartnarar og rammevilkårsetjarar. 22. september inviterer arenaen til sparringsverkstad under Kulturarenakonferansen i Oslo.

17. september 2026

Del ditt minne som NU-medlem | Noregs Ungdomslag