Delta på undersøking om kulturen i organisasjonen
Analysebyrået Opinion gjennomfører for tida ei spørjeundersøking på vegner av Noregs Ungdomslag (NU), FolkOrg og Norsk senter for folkemusikk og folkedans (Sff).

Formålet med undersøkinga er å finne ut av omfang og førekomst av uønskt og grenseoverskridande åtferd i fdei tre organisasjonane sine miljø. Dette inkluderer aktivitetar som teater, dans, kor, hus, musikk, idrett, bygdearrangement osv. Spørjeundersøkinga har også spørsmål om korleis du opplever kulturen og miljøet i organisasjonen din meir generelt.
Det er viktig at så mange som mogleg av våre medlemer i NU svarer på undersøkinga, heilt uavhengig av om ein har opplevd uønskte hendingar eller ikkje. Det er slik vi får eit mest mogleg riktig bilde av kulturen og miljøet i organisasjonane. Vi håpar du vil ta deg tida til å delta, det tar omtrent 6–7 minutt å svare på undersøkinga.
Alle medlemer med registrert e-postadresse i Hypersys (over 16 år) har i desse dagar fått e-post frå Opinion med lenke til undersøkinga. Har du ikkje motteke slik e-post ta kontakt med oss, så skal vi sende lenka direkte. E-posten kan også ha havna i søppelboksen, så sjekk den også. Dersom du ikkje har motteke e-posten er dette ei gylden moglegheit til å sjekke med lokallaget ditt om du er registrert med e-postadresse i Hypersys eller ikkje.
Opinion vil sikre at alle svar blir anonymiserte, og at alle data blir behandla konfidensielt. Ingen enkeltsvar eller svar som gjer det mogleg å identifisere enkeltpersonar, blir vidareformidla til NU, FolkOrg eller Sff. Vi slettar e-postadressa di når databehandlinga er ferdig og rapporten levert.
Tusen takk for at du bidreg til ei viktig kartlegging.

Fleire aktueltsaker
Sjå alle
Kulturbyggstøtte gir firedobbel effekt
Sidan 2016 har Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Huset i Bygda delt ut 15,3 millionar kroner til ungdomshus, grendahus og samfunnshus i fylket. Ein ny rapport viser at kvar krone har utløyst nesten fire kroner i lokal investering.
29. september 2026


Pressemelding: Levande møteplassar over heile landet
Arena for nabolagshus styrker samarbeidet mellom aktørane som arbeider for gode lokale møteplassar over heile landet. Noregs Ungdomslag og SoCentral får saman ansvar for den daglege drifta ut prosjektperioden, og det vil bli prøvd ut ein meir formalisert struktur for styringsgruppa. Arbeidet er gjort mogleg av ei ny tildeling på 4 millionar kroner frå Sparebankstiftelsen DNB, som skal nyttast til å vidareutvikle arenaen og mobilisere fleire samarbeidspartnarar og rammevilkårsetjarar. 22. september inviterer arenaen til sparringsverkstad under Kulturarenakonferansen i Oslo.
17. september 2026


Dans for born og ungdom på Ungdomshuset også i haust
Dans utan grenser Leikanger startar opp att med danseverkstad for born og ungdom på Leikanger ungdomshus 24. august 2026.
12. august 2026

