Ekstraordinær utlysing av gjesteinstruktørkurs til laga!
Det er enno mogleg for fire medlemslag å halde kurs med gjesteinstruktør dette året. Vi oppmodar no lag som ynskjer å arrangere eit kurs innan utgangen av 2020 til å ta kontakt med oss på NU-kontoret for å sjå på moglegheiter for å få til eit kurs.

Kurset kan skje digitalt eller ha fysisk oppmøte, eventuelt vera ein kombinasjon. (Sjå tips om digitale kurs her hos Studieforbundet Kultur og Tradisjon her!)
Vi ynskjer at kursa kan ha dei tema som dykkar lag har behov for så lenge vi klarar å finne ein instruktør som er tilgjengeleg for oppdraget. Nokre idear til tema kan t.d. vera: danseteknikk med avstand, halling, linedance, song, teoretiske kurs om dans/teater/musikk/organisasjon osb., korleis tolke arkivopptak av dans/musikk, skriving av manus eller sketsj, utvikle ein karakter, stemmebruk, forteljarteknikk, impro eller andre tema som de ynskjer.
Gjesteinstruktørkurs går føre seg på denne måten:
- Laget tek kontakt med Noregs Ungdomslag og legg fram kva kurs dei ynskjer.
- Laget og NU blir einige om ein mogleg instruktør og mogleg dato for kurset.
- NU kontaktar instruktør og gjer avtale med denne, samt ordnar med reise, overnatting og utbetaling av honorar.
- Laga betalar ein eigenandel på 5000,- til NU som dekker honorar, reise og opphald for ein instruktør.
- Laget er sjølv ansvarleg arrangør for kurset og må stå for lokale, praktisk gjennomføring, deltakarpåmelding, økonomi osb.
- Kurset må skje i samsvar med gjeldande smittvernreglar, laget er smittevernansvarleg, men NU kan vera med å gje råd.
- Laga må søke og rapportere til Studieforbundet kultur og tradisjon om kursstønad (dersom kurset oppfyller krava om minst 4 kurstimar, deltakarar over 14 år osb.: sjå www.kulturogtradisjon.no).
- Kurset må avviklast innan utgangen av 2020.
Ynskjer ditt lag eit kurs i løpet av 2020? Ta kontakt med oss på post@ungdomslag.no, så ser me kva me kan få til.
(PS: Her gjeld prinsippet om å vera fyrst ute).
Ordinær utlysing av kurs for fyrste halvdel av 2021 kjem i november/desember 2020.

Fleire aktualitetar
Sjå alle
Kven Veit? 2026: Resultat etter 2. runde
Andre tevlingsrunde med Kven Veit? 2026 er gjennomført og alle deltakarlag har sendt inn sine resultat. Vi har gått igjennom svara og kan avsløre at pallplasseringane har endra seg sidan førre runde, og at det er mange lag som knivar om topplasseringa.
2. april 2026


Stem på Årets lokallag 2025
Prisen for Årets lokallag i Noregs Ungdomslag vert delt ut for fjerde gong under landsmøte i Oslo 18-19. april 2026. I år er fem lag er plukka ut etter nominasjonsrunden, og fram til 13. april kan du stemme på det laget du meiner fortener å bli kåra til Årets lokallag!
27. mars 2026


Fleirtal for momskompensasjon for organisasjonseigde kulturbygg
Det er no fleirtal på Stortinget for å innføre momskompensasjon til organisasjonseigde kulturbygg. Etter mange år med politisk arbeid ligg det no an til eit historisk gjennombrot for frivillig eigde kulturarenaer over heile landet.
26. mars 2026
