Fagdagane 2021: Kvinner i bunadshistoria
Velkomen til Fagdagane i bunad og folkedrakt!
Tid: 25.-26. oktober 2021
Stad: Fagernes

Fagdagane finn vegen tilbake til Fagernes 25. og 26. oktober, og det er ei glede å kunne ønskje velkomen til to dagar med inspirasjon, interessante foredrag, bunadsutstilling, kurs og festmiddag. Det faglege står høgt i setet, men det gjer også det sosiale samværet. Fagdagane er for alle som jobbar med, eller er interessert i folkedrakt og bunad.
Arrangementet finn stad på Scandic hotell Valdres. Det blir også lagt opp til besøk på Valdres folkemuseum og den nye utstillinga «Fyrstedamar i bunad». I tillegg til foredrag og utstilling vil du som deltakar ha moglegheit for å melde deg på kurs i ulike småteknikkar.
Les meir om programmet her
Oppdatering 10. august 2021: Påmeldinga er midlertidig stengt på grunn av stor pågang. Meir informasjon kjem når arrangørane har endeleg oversikt over kva for kapasitet ein kan tillate på arrangementet.

Fleire aktueltsaker
Sjå alle
Torsdagsquiz på Leikanger ungdomshus
Er du klar for kunnskap, konkurranse og godt selskap? Frå september arrangerer Leikanger ungdomslag quiz på ungdomshuset den første torsdagen kvar måndad – alle er velkomne!
29. juni 2026


Ny medlemsfordel: Rabatt på dansesko!
Noregs Ungdomslag har fått ein ny medlemsfordel! Gjennom eit samarbeid med Dansebutikken.no får medlemmane våre no 10 % rabatt på alle varer i nettbutikken – også på varer som allereie er sett ned i pris.
18. juni 2026


Reisebrev: Nordring 2026
01.-05. april 2026 var Julia Vinogradova (Nordland Ungdomslag), Jenny Gunleikskås (Gjerpen Fr. Ungdomslag), Johanne Granli (Lom spel- og dansarlag), Yasmin Alonzo Ullestad (BUL Oslo) og Hallvard Blok (BUL Sarpsborg) på Nordring i Höllviken i Sverige.
12. juni 2026

