Hopp til hovedinnhold

NU-helga 2026•Påmeldingsfrist 1. juliLes meir og meld deg på her

Nyttig for laga

Fastsetjing av kontingentsats i NU

Landsmøtet vedtok i 2019 at det skal settast ned eit kontingentutval i Noregs Ungdomslag, som skal gjere ei grundig vurdering av kontingentmodellar og satsar.

Under landsmøtet hausten 2020 held kontigentutvalet ei orientering om arbeidet så langt. Saka om fastsetjing av kontingentsats skal opp på landsmøtet 2021, og no ber kontigentutvalet om innspel innan 1. februar.

LES RAPPORTEN HER! (PDF)

Kom med innspel!

Basert på utgreiinga i rapporten ber kontigentutvalet no fylkes- og lokallag kome med høyringsinnspel til følgjande:

  1. Kontingentmodell
    1. Bør NU oppretthalde dagens kontingentmodell med ein kontingentsats på 195 kr for vaksne, og 95 kroner for barn og ungdom opp til 26 år, eller
    2. Gå over til ein trappetrinnsmodell, der kontingenten til lokallaga er fast innanfor visse medlemstalsintervall, og laga ikkje betaler meir for fleire medlemmer innanfor dette intervallet.
  2. Sentral innkrevjing av kontingent

Bør NU tilby fylkes- og lokallag ei valfri sentral innkrevjingsordning, slik at innmelding og betaling blir registert i eit sentralt system, og NU betaler ut samla kontingentbeløp til laget?

  1. Personvernlovgivinga stiller strenge krav til innsamling, samtykke og lagring av personopplysningar i eit medlemsregister.
    1. Meiner de at laget har god kontroll på personopplysningar?
    2. Har de ein ansvarleg som følgjer opp at opplysningane er rett registert og blir sletta når dei ikkje lenger er relevant?
    3. Treng de meir informasjon eller rutinar om korleis de skal handtere personopplysningar?

Send e-post med innspel til post@ungdomslag.no innan 1. februar.

Fleire aktueltsaker

Sjå alle
Biletet viser ein mann som står på ein stige og koplar til ledning i veggen. Det står ein anna mann framfor han og ser på kva han gjer.

Kulturbyggstøtte gir firedobbel effekt

Sidan 2016 har Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Huset i Bygda delt ut 15,3 millionar kroner til ungdomshus, grendahus og samfunnshus i fylket. Ein ny rapport viser at kvar krone har utløyst nesten fire kroner i lokal investering.

29. september 2026

Dugnad på Folkvang ungdomshus på Gran, eigd av Fagerlund Ungdomslag

Pressemelding: Levande møteplassar over heile landet

Arena for nabolagshus styrker samarbeidet mellom aktørane som arbeider for gode lokale møteplassar over heile landet. Noregs Ungdomslag og SoCentral får saman ansvar for den daglege drifta ut prosjektperioden, og det vil bli prøvd ut ein meir formalisert struktur for styringsgruppa. Arbeidet er gjort mogleg av ei ny tildeling på 4 millionar kroner frå Sparebankstiftelsen DNB, som skal nyttast til å vidareutvikle arenaen og mobilisere fleire samarbeidspartnarar og rammevilkårsetjarar. 22. september inviterer arenaen til sparringsverkstad under Kulturarenakonferansen i Oslo.

17. september 2026

Fastsetjing av kontingentsats i NU | Noregs Ungdomslag