Hopp til hovedinnhold

Landsmøte 2026påmeldingsfrist utvida til 6. aprilLes meir her

Nyheiter

Fleirtal for momskompensasjon for organisasjonseigde kulturbygg

Det er no fleirtal på Stortinget for å innføre momskompensasjon til organisasjonseigde kulturbygg. Etter mange år med politisk arbeid ligg det no an til eit historisk gjennombrot for frivillig eigde kulturarenaer over heile landet.

Biletet viser Torbjørn Bergwitz Lauen og Mona Husby frå Noregs Ungdomslag, saman med Kjersti Toppe og Ole Herman Sveian, i Vandrehallen på Stortinget etter debatten tysdag 24. mars. Foto: Noregs Ungdomslag/Lene Storhaug

Organisasjonseigde kulturbygg har i generasjonar vore grunnmuren i norsk kulturliv. Ungdomshus, grendehus og forsamlingslokale har vore møteplassar for frivillig aktivitet, kulturutfalding og fellesskap – særleg i distrikta. Samstundes har eigarane, ofte frivillige lag og organisasjonar, i mange år bore eit stort økonomisk ansvar aleine.

Då Stortinget tysdag 26. mars debatterte representantforslaget om betre rammevilkår for slike bygg, var bodskapen tydeleg: Desse bygga er viktige, og det er urimeleg at frivillige skal stå åleine med rekninga.

Haagen Poppe på talarstolen under tysdagens debatt om momskompensasjon på organisasjonseigde kulturbygg. Foto: Noregs Ungdomslag/Lene Storhaug
Haagen Poppe på talarstolen under tysdagens debatt om momskompensasjon på organisasjonseigde kulturbygg. Foto: Noregs Ungdomslag/Lene Storhaug

Debatten synte ei uvanleg brei einigheit på tvers av partia. Spørsmålet er ikkje lenger om ei ordning skal kome, men korleis ho skal vere utforma og kor raskt ho kan settast i verk.

– Vi har ikkje piazzaer på kvart eit hjørne, men vi har desse husa her – huset i bygda!

(Haagen Poppe, Høgre)

Fleire parti løfta fram ulike sider ved utfordringsbiletet. Høgre peika på behovet for universell utforming, Senterpartiet løfta fram kultur og frivilligheit som hjartet i lokalsamfunna, medan Miljøpartiet Dei Grøne understreka dei særlege utfordringane i distrikta og i Nord-Noreg.

Kristeleg Folkeparti viste til eit vedlikehaldsetterslep på fleire milliardar kroner, medan Framstegspartiet peika på at oppgraderingane det er snakk om handlar om funksjonalitet og ikkje luksus.

Kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery viste til at regjeringa arbeider med ein nasjonal kulturarenastrategi, og anerkjende utfordringane knytte til vedlikehald og investeringar. Ho understreka samstundes behovet for vidare utgreiingar. Ho ga òg uttrykk for at partia i stor grad er einige om måla, men at ueinigheita handlar om tempo og verkemiddel.

Mange år med målretta arbeid

Bak saka ligg det eit langt og målretta arbeid. Etter debatten møttest Kjersti Toppe og Torbjørn Bergwitz Lauen til ein uformell prat i Vandrehallen på Stortinget. Dei mintest ein biltur frå fylkesårsmøtet i Hordaland Senterparti i 2014. Torbjørn hadde vore på sitt første fylkesårsmøte og hadde fremma ei fråsegn om nettopp momskompensasjon til ungdomshus og grendehus. Det blei diverre ikkje tid på møtet til å drøfte saka, men i bilen fekk han fortalt Kjersti det han hadde tenkt å sei på talarstolen.

Denne samtalen blei starten på eit politisk arbeid som har gått over meir enn eit tiår. Allereie i 2014 blei det fremma eit representantforslag på Stortinget om betre momskompensasjon for organisasjonseigde kulturbygg, etter initiativ frå Kjersti Toppe. Forslaget blei utvikla i tett samarbeid med Noregs Ungdomslag og dåverande leiar Endre Kleiveland.

Sjølv om forslaget ikkje fekk fleirtal den gongen, blei det eit viktig utgangspunkt for det vidare arbeidet. Sidan den gong har saka blitt løfta fleire gonger, funne vegen inn i partiprogram og fått stadig breiare støtte – fram til det historiske fleirtalet som no ligg føre.

F.v.: Torbjørn Bergwitz Lauen, Kjertsi Toppe, Ole Herman Sveian og Mona Husby. Foto: Noregs Ungdomslag/Lene Storhaug
F.v.: Torbjørn Bergwitz Lauen, Kjertsi Toppe, Ole Herman Sveian og Mona Husby. Foto: Noregs Ungdomslag/Lene Storhaug

Kjersti Toppe har ved fleire høve brukt ungdomshuset i Mjeldalen på Osterøy som døme. Her har frivillige lagt ned ein stor innsats for å ruste opp bygget, samstundes som dei har måtta betale store summar i meirverdiavgift. For Kjersti illustrerer dette korleis dagens ordningar har slått urimeleg ut for frivillige eigarar av kulturbygg.

Også Ole Herman Sveian var til stades etter debatten. Han har i mange år arbeidd for betre rammevilkår for grendehus på lokalt nivå i eigen kommune, og var den som deltok i debatten i Stortingssalen på vegner av Senterpartiet.

Noregs Ungdomslag har arbeidd for betre momskompensasjon for organisasjonseigde kulturbygg i over tjue år. For organisasjonen er dette difor eit viktig gjennombrot.

Dette er ikkje slutten på arbeidet, men at alle partia på Stortinget no er for ei momskompensasjonsordning er eit historisk gjennombrot. Det gir eit heilt nytt utgangspunkt for vidare politisk arbeid.