Hopp til hovedinnhold

Momskompensasjonfrist: 1. juliLes meir og søk her

Nyheiter
Frå Aust-Agder UL

Foto frå NORDLEK 2024

Sjå bilete frå NORDLEK 2024 i Arendal.

Ungdom frå Nordisk sommarleir dansar på åpningsseremonien på NORDLEK 2024

NORDLEK 2024 er godt i gang i Arendal med rundt 2000 folkedansarar og folkemusikarar samla til festivaldagar 16.-21. juli. Kurs, konsertar, tevlingar og framsyningar fyller heile Arendal sentrum med folkeliv og røre.

Vil du få med deg litt av stemninga kan du klikke deg gjennom fotoalbumet vårt på Flickr.

Bruk av bilete

Noregs Ungdomslag, Nordlek, lag og medlemmer i NU og alle deltakarar på NORDLEK 2024 kan bruke bilda mot kreditering til ikkje-kommersiell bruk. Fotograf skal alltid krediterast “Kulturfotografen AS Thor Hauknes/Noregs Ungdomslag”.

Skal bilda brukast kommersielt eller av andre kan du gjere eigen avtale ved å kontakte fotografen thor@kulturfotografen.com

Du kan også følge oss på Facebook og Instagram for jamlege oppdateringar.

Fleire aktueltsaker

Sjå alle
Ei jente sit på ryggen til ei anna og spelar fele.

Takk for nydeleg Sommarleir!

For andre gong fann Sommarleir stad på Sunnmøre Folkehøgskule i Ulsteinvik. Det vart fem fine dagar med sol, dans, teater, song, leik og nye minne!

7. juli 2026

Lokallag

Torsdagsquiz på Leikanger ungdomshus

Er du klar for kunnskap, konkurranse og godt selskap? Frå september arrangerer Leikanger ungdomslag quiz på ungdomshuset den første torsdagen kvar måndad – alle er velkomne!

29. juni 2026

Logo dansebutikken.no

Ny medlemsfordel: Rabatt på dansesko!

Noregs Ungdomslag har fått ein ny medlemsfordel! Gjennom eit samarbeid med Dansebutikken.no får medlemmane våre no 10 % rabatt på alle varer i nettbutikken – også på varer som allereie er sett ned i pris.

18. juni 2026

Foto frå NORDLEK 2024 | Noregs Ungdomslag