Hopp til hovedinnhold

NU-helga 2026•Påmeldingsfrist 1. juliLes meir og meld deg på her

Nyheiter

Frivilligdagen

I dag er det FNs internasjonale dag for frivilligheit. Vi vil nytte høve til å seie takk for innsatsen de legg den i laga rundt om i landet.

To personar tar imot inngangspenger på dansefest, mange dansarar i bakgrunn

Med dei om lag 13 500 medlemmar og vel 310 lokallag i Noregs Ungdomslag er det ingen tvil om at landet blir fylt med levande lokalkultur.

Takk for at de har bidratt med

  • 157 598 dugnadstimar
  • 60 juletrefestar
  • 406 ulike kurs
  • 635 timar med bunadskurs
  • 2677 danseøvingar
  • 139 teaterframsyningar som vart vist for 15 678 publikumarar

og så mykje meir. Frå nord til sør fyller de ungdomshus og andre lokale med aktivitet. Alt dette gjer Noregs Ungdomslag til Noregs Ungdomslag. Tusen takk! Vi gler oss til å sjå kva ungdomslaga gjer i åra framover og.

Tala er henta frå årsrapporteringa for 2022 og statistikken til Studieforbundet Kultur og Tradisjon for 2022.

Fleire aktueltsaker

Sjå alle
Biletet viser ein mann som står på ein stige og koplar til ledning i veggen. Det står ein anna mann framfor han og ser på kva han gjer.

Kulturbyggstøtte gir firedobbel effekt

Sidan 2016 har Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Huset i Bygda delt ut 15,3 millionar kroner til ungdomshus, grendahus og samfunnshus i fylket. Ein ny rapport viser at kvar krone har utløyst nesten fire kroner i lokal investering.

29. september 2026

Dugnad på Folkvang ungdomshus på Gran, eigd av Fagerlund Ungdomslag

Pressemelding: Levande møteplassar over heile landet

Arena for nabolagshus styrker samarbeidet mellom aktørane som arbeider for gode lokale møteplassar over heile landet. Noregs Ungdomslag og SoCentral får saman ansvar for den daglege drifta ut prosjektperioden, og det vil bli prøvd ut ein meir formalisert struktur for styringsgruppa. Arbeidet er gjort mogleg av ei ny tildeling på 4 millionar kroner frå Sparebankstiftelsen DNB, som skal nyttast til å vidareutvikle arenaen og mobilisere fleire samarbeidspartnarar og rammevilkårsetjarar. 22. september inviterer arenaen til sparringsverkstad under Kulturarenakonferansen i Oslo.

17. september 2026

Frivilligdagen | Noregs Ungdomslag