Full momskompensasjon til frivillig arbeid
Det blir full momskompensasjon for frivillige organisasjonar i 2022. Midlane blir utbetalt før jul og vil bidra til at fleire organisasjonar kan legge til rette for dei som har det særleg vanskeleg no, heiter det i ei pressemelding frå regjeringa.

– Frivillige organisasjonar står på kvar dag for dei som treng det mest, derfor gir vi eit skikkeleg løft til Det frivillige, idretten og kulturen ved å styrke den viktigaste ordninga for sektoren, nemleg momskompensasjonsordninga. Med dette sikrar vi at det blir full momskompensasjon også i år, seier kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen i pressemeldinga.
I fjor var første gong sidan ordninga vart etablert at organisasjonane fekk utbetalt heile det godkjente søknadsbeløpet. Midlane er frie og det er ingen krav om rapportering på dei.
Fleirtalet av dei 22 000 organisasjonane som mottar midlar frå ordninga er små lokale lag og foreiningar.
Regjeringa har foreslått å tilføre 154 millionar kronar til ordninga for å sikre full momskompensasjon i 2022. Frivillige organisasjonar har søkt om kompensasjon på til saman 2 077 millionar kroner i 2022. Søknadene er baserte på rekneskapstal for 2021.

Fleire aktueltsaker
Sjå alle
Kulturbyggstøtte gir firedobbel effekt
Sidan 2016 har Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Huset i Bygda delt ut 15,3 millionar kroner til ungdomshus, grendahus og samfunnshus i fylket. Ein ny rapport viser at kvar krone har utløyst nesten fire kroner i lokal investering.
29. september 2026


Pressemelding: Levande møteplassar over heile landet
Arena for nabolagshus styrker samarbeidet mellom aktørane som arbeider for gode lokale møteplassar over heile landet. Noregs Ungdomslag og SoCentral får saman ansvar for den daglege drifta ut prosjektperioden, og det vil bli prøvd ut ein meir formalisert struktur for styringsgruppa. Arbeidet er gjort mogleg av ei ny tildeling på 4 millionar kroner frå Sparebankstiftelsen DNB, som skal nyttast til å vidareutvikle arenaen og mobilisere fleire samarbeidspartnarar og rammevilkårsetjarar. 22. september inviterer arenaen til sparringsverkstad under Kulturarenakonferansen i Oslo.
17. september 2026


Dans for born og ungdom på Ungdomshuset også i haust
Dans utan grenser Leikanger startar opp att med danseverkstad for born og ungdom på Leikanger ungdomshus 24. august 2026.
12. august 2026

