HAVLEIK 2022 - meld di interesse
12.-16. juli 2022 vert det skipa HAVLEIK i Torshavn på Færøyene, ei mindre utgåve av eit NORDLEK-stemne der berre eit eksklusivt tal med deltakarar får delta frå kvart land og sjølvstyrte område. No er det tid for å melde si interesse til stemnet.

Arrangøren har rekna plass til ca. 400 utenlandske deltakarar. Noreg har førebels fått utdelt ei kvote på 75 personar. Vi har meldt frå at vi ynskjer ei større kvote. Det kan bli mogleg at vi får fleire plassar etter kvart dersom vi ser at andre land ikkje ynskjer like stor kvote. Dette vil vi koma attende til.
Meld di interesse før 15. juni
For å kartlegge kor mange frå NU som ynskjer å delta ber vi om at lag og medlemmer sender inn ei uforpliktande interessemelding til solveig@ungdomslag.no, helst før 15. juni. Dette vil kun vera for å kartlegge, ikkje for å fordele plassar og det forpliktar heller ikkje for laga som melder si interresse.
Sommarleir
Arrangøren vurderer også å lage ein sommarleir for dei i alderen 16-25 år i dagane før stemnet frå ca. 10. juli. Tanken er maks 50 utenlandske deltakarar, ca. 8 personar frå kvart land og ca. 5 frå kvart sjølvstyrte område. Meld gjerne frå dersom de også veit om ungdomar som er interesserte i å delta på leiren.
Mer informasjon om HAVLEIK finn du her, sida oppdaterast etter kvart som vi får meir informasjon frå arrangør.

Fleire aktueltsaker
Sjå alle
Kulturbyggstøtte gir firedobbel effekt
Sidan 2016 har Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Huset i Bygda delt ut 15,3 millionar kroner til ungdomshus, grendahus og samfunnshus i fylket. Ein ny rapport viser at kvar krone har utløyst nesten fire kroner i lokal investering.
29. september 2026


Pressemelding: Levande møteplassar over heile landet
Arena for nabolagshus styrker samarbeidet mellom aktørane som arbeider for gode lokale møteplassar over heile landet. Noregs Ungdomslag og SoCentral får saman ansvar for den daglege drifta ut prosjektperioden, og det vil bli prøvd ut ein meir formalisert struktur for styringsgruppa. Arbeidet er gjort mogleg av ei ny tildeling på 4 millionar kroner frå Sparebankstiftelsen DNB, som skal nyttast til å vidareutvikle arenaen og mobilisere fleire samarbeidspartnarar og rammevilkårsetjarar. 22. september inviterer arenaen til sparringsverkstad under Kulturarenakonferansen i Oslo.
17. september 2026


Dans for born og ungdom på Ungdomshuset også i haust
Dans utan grenser Leikanger startar opp att med danseverkstad for born og ungdom på Leikanger ungdomshus 24. august 2026.
12. august 2026

