Hopp til hovedinnhold

Send inn Frifond-rapportFrist 6. desemberLes meir her

Nyheiter

Høyringssvar: endring av spelemiddelordninga for anlegg til idrett og fysisk aktivitet

Spelemiddelordninga til idrettsformål har sidan 1948 vore statens sin viktigaste reiskap til å bygge og rehabilitere anlegg til idrett og fysisk aktivitet i kommune-Norge. Dette gjeld både nasjonale idrettsanlegg, ordinære anlegg og nærmiljøanlegg.

Badehus ved sandstrand og med bandande menneske omgitt av fin naturBadehus ved sandstrand og med bandande menneske omgitt av fin natur

I Hurdalsplattforma vil regjeringa ruste opp og bygge fleire idrettsanlegg. Regjeringa vil òg lage ein nasjonal plan for anlegg saman med idrettsbevegelsen.

Noregs Ungdomslag vil i vårt høyringssvar kommentere punkta som omhandlar burettslag, bygdelag og velforeiningar, endring av finansieringsnøkkelen for forenkla anleggsordning og endring av rammestyrt ordning.

Vi har òg innvendingar knytt til manglande utgreiing av både økonomiske konsekvensar og berekraftsmål i høyringsnotatet når det gjeld kven som kan søke om spelemidlar til idrettsanlegg.

I høyringsnotatet tek Kultur- og likestillingsdepartementet (KUD) til orde for at burettslag, bygdelag og velforeiningar ikkje lenger kan søke om tilskot til nærmiljøanlegg. Vi oppfattar dette som eit ønskje frå KUD om å forenkle spelemiddelordninga til idrettsanlegg.

I innspelsprosessen var dei fleste lag og organisasjonar, også frå idretten, nøgd med utforminga av dagens tilskotsordning. Slik vi oppfattar innspela var det ingen som tok til ordet for å ekskludere bygdelaga mv. frå å søke på bygging og rehabilitering av nærmiljøanlegg. Derimot kommenterte fleire av innspel behov for større behovsprøving/-kartlegging på regionalt nivå. Generelt var det òg ønskje om at miljø, berekraftsperspektiv og sosio-økonomiske forhold måtte vektast meir.

Å ekskludere burettslag, bygdelag og velforeiningar går etter vår vurdering på tvers av desse innspela.

Nærmiljøanlegga er viktig for å sikre at alle har like moglegheiter til fysisk aktivitet og dei er viktig arena for eigenorganiserte aktivitetar. Sentral målgruppe for nærmiljøanlegga er barn og unge og grupper som av ulike grunner ikkje er med i organisert idrett (låginntektsfamiliar, personar med funksjonsnedsetting mm.).

Dette er utandørsanlegg som ikkje er spesielt tilrettelagt for organisert konkurranseidrett, men kor målsettinga er opne og tilgjengelege aktivitetsanlegg for alle. Sidan dette er lågterskelanlegg er også mange bygd og drifta av bygde- og grendelag utan tilknyting til nasjonale organisasjonar. Dette kan vere små bygdesamfunn der det heller ikkje er grunnlag for større idrettslag. Vi finn òg mange anlegg knytt til t.d. byggefelt, der anlegga fungerer som samlingspunkt og arena for leik og uorganiserte fritidsaktivitetar.

Dette har gjort at det er naturleg for mange bygdelag å ta ansvar for dei små anlegga.

Noregs Ungdomslag ser difor ikkje behov for å endre forskrifta, men trur tvert i mot at det vil vanskeleggjere arbeidet med å nå nasjonale målsettingar om auka fysisk aktivitet i befolkninga for å førebygge fysiske og psykiske plagar om desse organisasjonane ikkje lenger kan søke på spelemiddelordninga.

Slik Noregs Ungdomslag vurderer det vil òg endring av forskrifta på dette punktet bryte med Meld. St. 26 (2011-2012) «Den norske idrettsmodellen» at barn og ungdom (6-19 år) og personar med funksjonsnedsettingar er prioriterte målgrupper i idrettspolitikken.

Noregs Ungdomslag saknar òg vurdering av kva økonomiske konsekvensar endring av forskrifta får for dei laga som eventuelt fell utanfor ordninga.

Truleg er fleire hundre anlegg bygd og drifta av lokale foreiningar. Om desse vert ekskludert frå å søke om tilskot til rehabilitering vil desse anlegga truleg forfalle og ikkje lenger vere attraktive i bruk for målgruppa til desse anlegga. Her saknar vi òg ein vurdering av berekraft og miljøperspektiv når ein ønskjer å ekskludere ein søkargruppe som har nytta ordninga over lang tid. Her er det nok å vise til diskusjonen kring kostnadane knytt til fjerning av kunstgras og granulat.

Noregs Ungdomslag tilrår difor at forslag 22 vert avslått.

Det er positivt at KUD ønskjer å endre tilskotsandelen frå 8% til 10% og at nærmiljøanlegg kan få inntil 400 000,- pr. anlegg.

Noregs Ungdomslag tilrår difor at forslag 8 vert vedteken.

Noregs Ungdomslag registrerer òg at KUD foreslår og å innføre makstak på at lag og organisasjonar berre kan søke tilskot til same idrettsanlegget tre gonger.

Noregs Ungdomslag er ikkje samd i dette forslaget. Dette står fram som eit radikalt forslag, der ein ikkje har vurdert dei idrettspolitiske og økonomiske konsekvensane fullt ut. Forslaget fjernar naudsynt føreseielegheit for idrettslag og lag og organisasjonar som ønskjer å bygge idretts- og nærmiljøanlegg. Anleggsutbygginga vil òg stoppe i mange tilfelle fordi laga ikkje vil kunne starte bygginga før søknad om spelemidlar er innvilga.

I tillegg er det krav om at idrettsanlegg er vedtatt i kommunal planar. Realisering av mange anlegg ikkje er mogleg utan spelemiddelfinansiering. Om ikkje bygdelag eller idrettslag kan søke på eit anlegg fordi dei har fått avslag tre gonger, vil kommunane og lag og organisasjonar måtte bruke uforholdsmessig mykje tid på å revidere kommunale idrettsplanar. Forslaget vil òg auke presset på fylkeskommunane om kva anlegg som skal prioriterast og truleg vil anlegg i sentrale buområde verte prioriterte. Forslaget er heller ikkje i tråd med innspela som kom inn i innspelsmøtet.

Noregs Ungdomslag tilrår difor at forslag 25 vert avslått.