Hopp til hovedinnhold

NU-helga 2026•Påmeldingsfrist 1. juliLes meir og meld deg på her

Nyheiter

Jentebølgen vann Kven Veit

Vi gratulerer Jentebølgen i Skodje Frilynde Ungdomslag med imponerande sluttspurt og siger i Kven Veit 2022. Laget starta litt forsiktig med 18 poeng i første runde, men auka til 26 i andre runde, og avslutta med krutsterke 29 poeng i sisterunden! Jentebølgen vann faktisk tevlinga med 3 poeng ned til neste lag, noko som er uvanleg mykje om ein ser på resultata dei siste åra.

Gruppebilde.

Tema frivilligheit

Det var styreleiar i NU Torbjørn Lauen som annonserte vinnarlaga under landsmøtet til NU 23. april. Da verken vinnarane eller dei som kapra 2. og 3. plassen var til stades under landsmøtet, var det NU-leiaren og tevlingsleiar Kristoffer Knagenhjelm som viste fram diploma, som vi sender til vinnarane.

Tema for Kven veit i år, var Frivillighetens år 2022.

Les heile saka om vinnarlaget, årets Kven Veit og sjå resultatlista her.

Gå rett til resultatlista for Kven veit 2022 her.

Bilde av styreleiar og tevlingsleiar.
Styreleiar Torbjørn Bergwitz Lauen og tevlingsleiar Christoffer Knagenhjelm viser fram diploma dei skal overlevere vinnarane av Kven veit ved første høve.

Fleire aktueltsaker

Sjå alle
Biletet viser ein mann som står på ein stige og koplar til ledning i veggen. Det står ein anna mann framfor han og ser på kva han gjer.

Kulturbyggstøtte gir firedobbel effekt

Sidan 2016 har Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Huset i Bygda delt ut 15,3 millionar kroner til ungdomshus, grendahus og samfunnshus i fylket. Ein ny rapport viser at kvar krone har utløyst nesten fire kroner i lokal investering.

29. september 2026

Dugnad på Folkvang ungdomshus på Gran, eigd av Fagerlund Ungdomslag

Pressemelding: Levande møteplassar over heile landet

Arena for nabolagshus styrker samarbeidet mellom aktørane som arbeider for gode lokale møteplassar over heile landet. Noregs Ungdomslag og SoCentral får saman ansvar for den daglege drifta ut prosjektperioden, og det vil bli prøvd ut ein meir formalisert struktur for styringsgruppa. Arbeidet er gjort mogleg av ei ny tildeling på 4 millionar kroner frå Sparebankstiftelsen DNB, som skal nyttast til å vidareutvikle arenaen og mobilisere fleire samarbeidspartnarar og rammevilkårsetjarar. 22. september inviterer arenaen til sparringsverkstad under Kulturarenakonferansen i Oslo.

17. september 2026

Jentebølgen vann Kven Veit | Noregs Ungdomslag