Hopp til hovedinnhold

NU-helga 2026•Påmeldingsfrist 1. juliLes meir og meld deg på her

Nyheiter

Julehelsing og nyheitsbrev

Det nærmar seg jul og snart er vi igjen inne i eit nytt år, og vi håpar som før – at det nye skal gi oss noko vi sakna i det gamle, og at det skal by på blanke ark og nye moglegheiter. Sikkert er det iallfall at der mykje i vente for NU-medlemmar!

Foto

Kanskje passar diktet til Olav H. Hauge både til å fundere over nytt og gamalt år, samtidig som det er eit fint påskot til å minne om Kven Veit 2023, der verdsrommet er tema.

Vi på kontoret nyttar høvet til å takke for året som gjekk, og ønsker dykk alle god jul og eit godt nytt år!

Her kjem det siste nyheitsbrevet i 2023:

Nyheitsbrev 19. desember

Fleire aktueltsaker

Sjå alle
Biletet viser ein mann som står på ein stige og koplar til ledning i veggen. Det står ein anna mann framfor han og ser på kva han gjer.

Kulturbyggstøtte gir firedobbel effekt

Sidan 2016 har Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Huset i Bygda delt ut 15,3 millionar kroner til ungdomshus, grendahus og samfunnshus i fylket. Ein ny rapport viser at kvar krone har utløyst nesten fire kroner i lokal investering.

29. september 2026

Dugnad på Folkvang ungdomshus på Gran, eigd av Fagerlund Ungdomslag

Pressemelding: Levande møteplassar over heile landet

Arena for nabolagshus styrker samarbeidet mellom aktørane som arbeider for gode lokale møteplassar over heile landet. Noregs Ungdomslag og SoCentral får saman ansvar for den daglege drifta ut prosjektperioden, og det vil bli prøvd ut ein meir formalisert struktur for styringsgruppa. Arbeidet er gjort mogleg av ei ny tildeling på 4 millionar kroner frå Sparebankstiftelsen DNB, som skal nyttast til å vidareutvikle arenaen og mobilisere fleire samarbeidspartnarar og rammevilkårsetjarar. 22. september inviterer arenaen til sparringsverkstad under Kulturarenakonferansen i Oslo.

17. september 2026

Julehelsing og nyheitsbrev | Noregs Ungdomslag