Kaffikoppens kulturelle kraft i sal no
No kan du få tak i den nye boka om lagsbruka - Kaffikoppens kulturelle kraft

Historisk oversikt over lagsbruka – forretningsverksemdene innan Noregs Ungdomslag og Noregs Mållag frå 1901 til 2020
Kaffikoppens kulturelle kraft gir den komplette presentasjonen av alle dei kjente og populære kaffistovene og bondeheimane landet rundt. Det har vore skrive mykje om alt det store som er utført i Noregs Ungdomslag og Noregs Mållag, men lite om kor dei fekk pengane frå. Nils Seland presenterer dei frilynde pengemaskinene: kaffistovene, bondeheimane og andre forretningar landet rundt. Desse «ungdomshusa i byane» var eigd av ungdomslag og mållag, og var svært viktige møtestader og pengekjelder for norskdomsrørsla lokalt, på fylkesplan og landsplan. Det var også kaffikoppens kulturelle kraft frå desse idealistiske forretningstiltaka som blei den økonomiske grunnmuren i Det Norske Teatret.
Trykk her for å kome til nettbutikken der du kan tinge boka.

Fleire aktueltsaker
Sjå alle
Kulturbyggstøtte gir firedobbel effekt
Sidan 2016 har Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Huset i Bygda delt ut 15,3 millionar kroner til ungdomshus, grendahus og samfunnshus i fylket. Ein ny rapport viser at kvar krone har utløyst nesten fire kroner i lokal investering.
29. september 2026


Pressemelding: Levande møteplassar over heile landet
Arena for nabolagshus styrker samarbeidet mellom aktørane som arbeider for gode lokale møteplassar over heile landet. Noregs Ungdomslag og SoCentral får saman ansvar for den daglege drifta ut prosjektperioden, og det vil bli prøvd ut ein meir formalisert struktur for styringsgruppa. Arbeidet er gjort mogleg av ei ny tildeling på 4 millionar kroner frå Sparebankstiftelsen DNB, som skal nyttast til å vidareutvikle arenaen og mobilisere fleire samarbeidspartnarar og rammevilkårsetjarar. 22. september inviterer arenaen til sparringsverkstad under Kulturarenakonferansen i Oslo.
17. september 2026


Dans for born og ungdom på Ungdomshuset også i haust
Dans utan grenser Leikanger startar opp att med danseverkstad for born og ungdom på Leikanger ungdomshus 24. august 2026.
12. august 2026

