Kom med innspel til folkedansstrategi
Vi i Noregs Ungdomslag skal i vinter utvikle ein folkedansstrategi for organisasjonen. Vi skal finne ut av kven vi er innan folkedansverda og kva retning vi ynskjer å gå i, og finne ut kva som er viktig å satse på framover.

I samband med dette arbeidet ynskjer vi å få innspel frå våre lag og medlemer til korleis vi best kan utvikle oss som folkedansorganisasjon og kva de tenker er viktig. De sit på mykje kunnskap og tankar om kva vi treng meir og mindre av, og vi vil gjerne høyre kva de tenker.
I fyrste omgang ynskjer vi skriftlege innspel som vi kan ta med oss i starten av arbeidet. Etter kvart kan det også bli aktuelt med digitalt diskusjonsmøte for å dykke ned i kjerna av kven NU er og kor vi vil.
Alle som ynskjer kan bidra ved å svare på nokre spørsmål i dette skjema innan desember 2020: https://forms.gle/CUqrcNLrGzhepbRMA.
Eit alternativ eller tillegg er også å sende innspel til solveig@ungdomslag.no.
Vi set pris på alle som vil dele sine tankar, og ta gjerne kontakt med oss om de har noko de vil dele.
Strategien skal vera ferdig til februar 2021, difor ynskjer vi flest mogleg innspel innan utgangen av året 2020.

Fleire aktueltsaker
Sjå alle
Fyrets laiv 2026 - Glim
Kultur- og teaterverkstedet Fyret i Sandnessjøen arrangerte 11. oktober sin årlige laiv, denne gangen en fantasy-laiv om det tenkte landet Glim. Det var en firetimers laiv som foregikk i Vakkerdalen ved foten av fjellrekken De syv søstre. Det deltok rundt 90 elever og foreldre.
29. oktober 2026


Regjeringa kuttar nær éin million til Noregs Ungdomslag
Regjeringa har foreslått å redusere løyvinga til Noregs Ungdomslag med 905 000 kroner. Kuttet vil direkte påverke arbeidet med rådgjeving og kompetanseheving for tusenvis av frivillige som eig og driftar lokale kulturbygg over heile landet.
7. oktober 2026


Minnepris 2026 til ung hardingfeleutøvar frå Kvam
Audhild Flaktveit Moxnes sin minnepris til unge utøvarar på hardingfele 2026 er tildelt Guro Bell Berge frå Kvam i Hardanger.
6. oktober 2026


