Kompensasjon til frivilligheten
Koronavirus har ført til utfordringar for det frivillige kulturlivet.

Stortinget har vedteke ei kompensasjonsordning for frivilligheten, men det er berre lagt opp til at ho skal kompensere for bortfall av inntekter på arrangement der det var forventa meir enn 50 deltakarar.
Vi veit at mange av våre lag kjem til å ha tap av inntekter både på utleie av hus/lokale, arrangement og anna lagsaktivitet, og dette må vi synleggjere for Kulturdepartementet. NU har difor gått saman med dei andre organisasjonane i Kulturalliansen om eit innspel til Kulturdepartementet.
Les innspelet ved å trykke på lenka under. Du blir sendt vidare til ein PDF av brevet som vart sendt 25. mars 2020:
Kulturalliansen: Kompensasjonsordning til kulturfrivilligheten ifm. koronautbruddet

Fleire aktueltsaker
Sjå alle
Kulturbyggstøtte gir firedobbel effekt
Sidan 2016 har Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Huset i Bygda delt ut 15,3 millionar kroner til ungdomshus, grendahus og samfunnshus i fylket. Ein ny rapport viser at kvar krone har utløyst nesten fire kroner i lokal investering.
29. september 2026


Pressemelding: Levande møteplassar over heile landet
Arena for nabolagshus styrker samarbeidet mellom aktørane som arbeider for gode lokale møteplassar over heile landet. Noregs Ungdomslag og SoCentral får saman ansvar for den daglege drifta ut prosjektperioden, og det vil bli prøvd ut ein meir formalisert struktur for styringsgruppa. Arbeidet er gjort mogleg av ei ny tildeling på 4 millionar kroner frå Sparebankstiftelsen DNB, som skal nyttast til å vidareutvikle arenaen og mobilisere fleire samarbeidspartnarar og rammevilkårsetjarar. 22. september inviterer arenaen til sparringsverkstad under Kulturarenakonferansen i Oslo.
17. september 2026


Dans for born og ungdom på Ungdomshuset også i haust
Dans utan grenser Leikanger startar opp att med danseverkstad for born og ungdom på Leikanger ungdomshus 24. august 2026.
12. august 2026

