Kva meiner Noregs Ungdomslag partia bør prioritere i sine stortingsprogram for valet i 2025?
Noregs Ungdomslag er opptatt av å sikre gode rammevilkår for kulturfrivilligheita. Her kan du lese meir om kva vi meiner partia bør prioritere i sine partiprogram!

Noregs Ungdomslag trakk fram seks punkt som viktige for å sikre gode rammevilkår for kulturfrivilligheita
1) Sørge for full og regelstyrd momskompensasjon
2) Innføre momskompensasjon for nybygg, påbygg og ombygging av organisasjonseigde kulturbygg
3) Sørge for at studieforbunda skal ha rett til full momskompensasjon
4) Styrke desentralisert ordning for tilskot til kulturbygg
5) Etablere nasjonalt kompetansesenter for organisasjonseigde kulturhus
6) Styrke tilskotsordningane Kulturrom disponerer

Fleire aktueltsaker
Sjå alle
Kulturbyggstøtte gir firedobbel effekt
Sidan 2016 har Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Huset i Bygda delt ut 15,3 millionar kroner til ungdomshus, grendahus og samfunnshus i fylket. Ein ny rapport viser at kvar krone har utløyst nesten fire kroner i lokal investering.
29. september 2026


Pressemelding: Levande møteplassar over heile landet
Arena for nabolagshus styrker samarbeidet mellom aktørane som arbeider for gode lokale møteplassar over heile landet. Noregs Ungdomslag og SoCentral får saman ansvar for den daglege drifta ut prosjektperioden, og det vil bli prøvd ut ein meir formalisert struktur for styringsgruppa. Arbeidet er gjort mogleg av ei ny tildeling på 4 millionar kroner frå Sparebankstiftelsen DNB, som skal nyttast til å vidareutvikle arenaen og mobilisere fleire samarbeidspartnarar og rammevilkårsetjarar. 22. september inviterer arenaen til sparringsverkstad under Kulturarenakonferansen i Oslo.
17. september 2026


Dans for born og ungdom på Ungdomshuset også i haust
Dans utan grenser Leikanger startar opp att med danseverkstad for born og ungdom på Leikanger ungdomshus 24. august 2026.
12. august 2026

