Kvinnekropp i fri natur
Fjærland Ungdomslag er tilbake med ein ny kalender! Den famøse 2025-kalenderen fekk både nasjonal og internasjonal merksemd, og fann vegen inn i stover, kjøkken, kontor og verkstader over heile verda. No er det Fjærlands stolte døtrer som står for tur.

Det som byrja som ein spøk på julebordet i 2023, enda med at 16 lokale menn stilte opp – dei fiska, jakta, brente smalehovud og måka snø – i berre nettoen. Ikkje verst i ei lita bygd med om lag 270 innbyggarar!
Overskotet går til Brystkreftforeningen
I år går det til Brystkreftforeningen. Valet er ikkje tilfeldig. Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant kvinner i Noreg, og ei av modellane har sjølv erfaring med sjukdomen. I 2024 fekk 4215 kvinner og 36 menn påvist brystkreft her til lands. Takk vere forsking overlever fleire enn nokon gong, men likevel tek sjukdomen om lag 600 liv kvart år. Fjærland Ungdomslag klarar å balansere det alvorlege med det leikne, og dei brukar humor, varme og glede for å setje søkjelys på ei viktig sak.

Oppskrifta er den same som i fjor: vakker natur og nakne kroppar. Kalenderen for 2026 byr på lokale kvinner i alle aldrar og fasongar. Mellom modellane finn vi ei lektorstudent, ei tidlegare varaordførar, to fotografar – og mange fleire. Og der det i fjor, i nokre tilfelle, var den eine halvdelen av eit ekteskap som sto framfor kamera, er det den andre halvdelen som får oppmerksemd denne gongen. Ei av kvinnene skal faktisk i kalenderen for andre år på rad. Men fyrste gongen var det ikkje så lett å sjå ho.
Bak bokhylla
Hugsar du biletet av dei to karane som les bøker i ei blomeeng? Dei poserar i ein stol og framfor ei bokhylle. Bokhylla, den stod ikkje av seg sjølv – bak den finn du nemleg Ellen Rohaan, som måtte halde bokhylla oppe. Slik er ho på sett og vis også med på Mai-biletet: framfor kamera, men bak hylla.
Det var vanskeleg å halde seg alvorleg, fortel ho til Sogn Avis. – Eg heldt på å le meg i hel!
Terje, kjærasten hennar, sit og leser Kjærlighetens mysterier. Da var det ikkje så lenge sidan han og Ellen hadde blitt saman, så det kan vel sjåast som ein slags hyllast til det nye forholdet. Og sidan Terje stilte i førige nummer, kunne ikkje ho la vere å stille, meinte Ellen.
"Fjærland har dei beste kvinnfolka!"
Leiaren i Fjærland Ungdomslag, Knut P. Bøyum, legg ikkje skjul på at han er imponert: – Damene er klokare, meir kreative og samfunnsengasjerte – og søren meg så mykje penare enn oss! seier han med eit smil.
Som i fjor er det Iselin Knobel Liseter og Gøril Resaland Skeide som står bak kamera. Nytt for i år er at dei også er å finne foran kamera. Dei har brukt mange kveldar saman for å finne rette uttrykket – og ikkje minst for å skape ei trygg og avslappa stemning.
Å fotografere kvinner baud på nokre ekstra utfordringar. Fleire kroppsdelar skulle skjulast, og både fotografar og modellar var opptekne av at bileta ikkje skulle bli seksualiserande. Resultatet er ein ærleg kalender, rik på både humor og naturskjønheit.
Denne gongen er naturen ekstra mykje med: skog, eng og fjelltoppar. Nokre bilete viser store grupper, som då sju kvinner frå 25 til 65 år stilte nakne i skogen. – Det var skummelt heilt til vi faktisk tok av kleda, seier Iselin. – Etter nokre sekund lo og prata alle som om vi var påkledde.
Overraskinga for fotografane var kor lite fokus kvinnene sjølve hadde på kroppen. – Når kleda først var av, sa dei fleste: "Det er jo slik eg ser ut."
Aldersspennet er stort. Den eldste er 81 år – og ho viser fram tradisjonell vevkunst frå området. Rekrutteringa har ikkje vore noko problem, og mottakinga i bygda har vore svært positiv.
At kalenderen i år skulle ha kvinner som motiv, var det ingen tvil om. Etterspurnaden har vore stor heilt sidan førre kalender kom ut.
Kalenderen har òg blitt eit naturleg samtaletema på sosiale møteplassar, til dømes barnebursdagar. Ungane kjenner att foreldra sine på bileta og snakkar ope om det. – Dei får eit sunt og naturleg forhold til kropp, seier Iselin.
Å vise kroppen slik ho er – i ulike fasongar og aldrar, utan filter – har vore eit viktig mål. Kalenderen er eit glimrande eksempel på kroppspositivisme, og minner oss om at alle er forskjellige, og alle er vakre.
Og kva meiner Brystkreftforeningen? – "Meget godkjent frå vår side", var svaret Fjærland Ungdomslag fekk.
Kalenderen blir lansert i dag, 4. oktober, på den lokale Joker-butikken. Her skal det serverast kaffi og kjeks. Men om du ikkje er lokal, kan du tinge kalenderen her.


Fleire aktualitetar
Sjå alle
Søk gjesteinstruktør for våren 2026
Skal de arrangere kurs i til dømes teater eller dans og vil ha besøk av ein instruktør? Søk innan 1. november på gjesteinstruktørordninga vår for kurs våren 2026.
16. september 2025


Søk om å bli med på FolkLeiarUng
Søk om å bli med på FolkLeiarUng dans eller musikk. Søknadsfristen er 28. august. Eit prosjekt for folkemusikarar og folkedansarar mellom 15-25 år.
28. august 2025


Noregs Ungdomslag med innspel til verdskonferansen for kulturpolitikk
29. september til 1. oktober skal kulturministre frå heile verda samlast på Mondiacult - UNESCOs verdskonferanse for kulturpolitikk, i Barcelona. I forkant av konferansen inviterte Kultur- og likestillingsdepartementet til innspelsmøte 26. august, der representantar frå ulike kulturorganisasjonar fekk komme med sine innspel. Noregs Ungdomslag var representert ved generalsekretær Magni Hjertens Flyum. Innspelet frå Noregs Ungdomslag kan du lese her.
26. august 2025
