Hopp til hovedinnhold

Momskompensasjonfrist: 1. juliLes meir og søk her

Landsmøte Noregs Ungdomslag 2023

Tusen takk til alle delegatar for eit godt og konstruktivt landsmøte. Takk til alle gjestar og helsingar.

Heile landsmøtegjengen samla.

Tusen takk til alle delegatar for eit godt og konstruktivt landsmøte. Takk til alle gjestar og helsingar.

På møtet var det sju frå administrasjonen, fire frå Ungt Demokrati, to ordstyrarar og sju gjester. Totalt 102 personar til stades der 81 hadde røysterett.

Laget med flest delegatar var, ikkje uventa, Bygdelagssamskipnaden i Oslo med heile 12 på lista. Dei som hadde reist lengst var dei to delegatane frå Tromsø. Leikarringen Frøy og Kløvheim Ungdomslag var på sitt første Landsmøte.

Allereie fredag var mange delegatar på plass, og det var middag og seminar for dei som ville. Her vart det arrangert to spanande seminar: Korleis vere arrangør+Huset i Bygda og Momskompensasjon og Hypersys

Sjå presentasjonane frå seminara her.

Laurdag formiddag vart brukt til å presentere fråsegn, innkomne sakar, helsingar og diskusjon.

Etter lunsj laurdag vart det arrangert sirkeltrening i immateriell kulturarv. Det var seks postar med forskjellige aktivitetar, og delegatane fekk prøve seg på fletting med Noregs Husflidslag, knyting med Norsk Foreining for Fartøyvern, dans med Solveig Brekke Hauknes, bunadsbruk med Bunadsnemda i Rogaland og teatersport med Mona Husby, og fekk i tillegg innblikk i det nye verktøyet “IKA-hjulet” (Immateriell KulturArv-hjulet).

Middag og bygdefest

På laurdagskvelden var det duka for høgtideleg middag for alle delegatar, her vart det delt ut pris for Årets Lokallag, som vart Kløvheim Ungdomslag. Vi fekk også presentert vinnarane av Kven Veit? 2023, her var det Songlaget BUL Oslo som stakk av med sigeren, etterfulgt av Hugnad UL Torpo på andreplass, og Hordalaget i Oslo på tredjeplass.

Etterpå vart det ein heidundrande Bygdefest i byen i Nordahl Bruns gate 22! På dansefesten var det dans i to rom, kaffi og kake, teaterleik, og mykje moro. Flatlusa Spelemannslag og 4-Hire tok seg av bygdefeststemninga med folkemusikk og variantar av swing, country og rock. Samstundes var det eit utval folkemusikarar som spelte opp til bygdedans, turdans, songdans og runddans i den andre salen. Ei av øktene gjekk òg til teaterleik med Mjeldalen Ungdomslag.

Ein fagleg sterk og innhaldsrik søndag

På søndagen var det duka for gode presentasjonar av Kulturfrivilligheitsstrategien med Marianne Ween, Kulturalliansen, og Kulturpolitikk for levande lokalkultur med Christoffer Knagenhjelm frå Huset i bygda. Deretter fekk vi sjå ein spanande panelsamtale: Kulturlokale og Frivilligheit Norge sitt arbeid med synleggjering av desse, med Marianne Ween (Kulturalliansen), Christoffer Knagenhjelm (Huset i Bygda), Ida Søderstrøm (NU/SOFUL/ Dale UL), Synnøve Jørgensen (Rogaland UL) og Irene Dahl (NU-styret). Moderator: Magni.

Sjå presentasjonane her:

Deretter fekk Landsmøte eit Inspirasjonsforedrag med Aust-Agder UL med Nina Byttingsmyr og Torgeir Fiane.

Sjå presentasjon her.

Etter lunsj vart det votering og vedtak av fråsegn og innkomne sakar. Alle fråsegna som vart presentert laurdag vart vedteken etter voteringa sundag.

Les fråsegna her.

Inkommen sak – arbeidet med folkedans må styrkast

I tillegg var det ein innkommen sak, som resulterte i at landsmøtet valte å stø intensjonen i folkedansstrategien om å snarast opprette eit folkedansråd i Noregs Ungdomslag.

Dei faglege råda som vart presentert laud slik:

  • NU skal bli fagleg sterkare innad i organisasjon, samt formidle fagleg tyngde utad.
  • NU skal utvikle og synleggjere fleire ressurspersonar og førebilete innan folkedans.

“Det bør opprettast eit nytt folkedansråd som består av både tilsette og tillitsvalde eller andre ressurspersonar med sterk kompetanse på feltet. Slik sikrar ein kontinuitet, framdrift og at den tilsette rådgjevar alltid har nokon å spele ball med for å utvikle folkedansarbeidet i NU vidare.”

Styret vedgår at denne strategien er ikkje fulgt godt nok opp sidan 2021, men iverksetting av strategien og gjennomføring av tiltak er lagt inn i handlingsplanen for 2023. Framlegget ber difor om noko som allereie ligg i strategien, men som ikkje har kome godt nok i gong eller vore spreidd i organisasjonen.

Det er planlagd styresak om korleis ein skal følgje opp folkedansstrategien til styremøtet i juni 2023.

Styre og stell

Det vart ikkje nokon endringar i styret i Noregs ungdomslag etter Landsmøtet. Men valnemda fekk ny leiar, Helge Venås Flægstad frå Sør-Trøndelag Ungdomslag, og Charlotte Winnem Pedersen frå Nordland Ungdomsfylking vart valt inn som medlem.

Gjennom heile helga har det vore god stemning på møtelokalane, med spel og dans i hjørna, gode samtalar og diskusjonar og mange smil!

Takk for i år, vi sjåast på Landsmøtet som finn stad 19.-21. april i 2024!

Fleire aktueltsaker

Sjå alle
Lokallag

Torsdagsquiz på Leikanger ungdomshus

Er du klar for kunnskap, konkurranse og godt selskap? Frå september arrangerer Leikanger ungdomslag quiz på ungdomshuset den første torsdagen kvar måndad – alle er velkomne!

29. juni 2026

Logo dansebutikken.no

Ny medlemsfordel: Rabatt på dansesko!

Noregs Ungdomslag har fått ein ny medlemsfordel! Gjennom eit samarbeid med Dansebutikken.no får medlemmane våre no 10 % rabatt på alle varer i nettbutikken – også på varer som allereie er sett ned i pris.

18. juni 2026

Ungdomar som dansar i ring vendt utover

Reisebrev: Nordring 2026

01.-05. april 2026 var Julia Vinogradova (Nordland Ungdomslag), Jenny Gunleikskås (Gjerpen Fr. Ungdomslag), Johanne Granli (Lom spel- og dansarlag), Yasmin Alonzo Ullestad (BUL Oslo) og Hallvard Blok (BUL Sarpsborg) på Nordring i Höllviken i Sverige.

12. juni 2026

Landsmøte Noregs Ungdomslag 2023 | Noregs Ungdomslag