Landsmøtehelga: Nynorsk og trygg samværskultur framleis sentralt i NU
Landsmøtehelga er vel gjennomført med god stemning og gode og saklege debattar.

Landsmøtehelga er vel gjennomført med god stemning og gode og saklege debattar.
Ordstyrarane Benjamin Myrstad og Kjærsti Gangsø gjennomførte begge møtedagane på ryddig vis, og sørgde med godt humør og slagferdige kommentarar samtidig for god stemning i salen.
To saker det har vore mykje merksemd rundt før landsmøtet, er forslaga frå styret om endring i § 9 Målbruk og § 10 Rusgift i NU-lova. Det har vore tidvis høg temperatur rundt desse sakene i diskusjonsforum i forkant av landsmøtet, men debatten gjekk ryddig og sakleg for seg undervegs i landsmøtet.
§10 Rusgifter endra til §2 Trygg samværskultur
Etter avstemming på søndag, vart den tidlegare §10 Rusgifter endra til §2 Trygg samværskultur, og har no denne ordlyden:
"1: Noregs Ungdomslag skal ha ein trygg samværskultur for alle og legge til rette for rusfrie møteplassar.
2: Alle tilskipingar på sentralt plan skal vere rusfrie.
3: Styret i Noregs Ungdomslag vedtek etiske retingslinjer som gjeld for heile organisasjonen. Styret peikar ut to verneombod".
§9 Målbruk endra til §10 Språkbruk
Etter debatt og røysting over forslag frå styret og frå BUL Ervingen, vart §9 Målbruk, endra til §10 Språkbruk, og har denne ordlyden:
1. Noregs Ungdomslag skal fremje det norske språk- og dialektmangfaldet, og har eit særleg ansvar for å verne om den nynorske skriftkulturen.
2. Tenestemålet i Noregs Ungdomslag sentralt er nynorsk.
I tillegg til desse to sakene, kom det òg eit framlegg frå BUL Tromsø om endring i §2.4 Anking av eksklusjonssaker. Ordlyden er no endra frå
4. [...] Slike avgjerder kan ankast til årsmøtet i lokallag og fylkeslag og landsmøtet i Noregs Ungdomslag
til:
4. [...] Slike avgjerder kan ankast til styret i fylkeslag og styret i Noregs Ungdomslag.
Nytt langtidsprogram
Det blir òg jobba med eit langtidsprogram for perioden 2023-2030. Om programmet heiter det no at
"Det skal vise veg og retning for organisasjonen i åra som kjem, og sette rammer for alle ledd i organisasjonen.
Langtidsprogrammet skal inspirere og motivere til felles løft og innsats uavhengig av kor i landet du er frå, kva aktivitet du driv med, eller kva aldersgruppe du høyrer til.
Det skal gi ei klar retning på arbeidet, og hjelpe oss med å utvikle, mobilisere og rekruttere".
Nytt styre
Styreleiar Torbjørn Bergwitz Lauen vart attvald som styreleiar.
Desse er med i det nye styret, som vart valt søndag 24. april:
Tone Mjelde (1990) Hordaland Ungdomslag Attval, 2 år Politisk nestleiar/AU-medlem
Terje Svindseth (1969) Bygdelagssamskipnaden Ikkje på val Org. nestleiar/AU-medlem
Irene Dahl (1971) Troms Ungdomsfylking Attval, 2 år Styremedlem/Vara til AU
Ida Haugen Skulstad (2003) Hordaland Ungdomslag Ny, 2 år Styremedlem/Vara til AU
Bjørn Arve Moen (1974) Inn-Trøndelag USL Ikkje på val Styremedlem
Nina Byttingsmyr (1993) Aust-Agder Ungdomslag Ikkje på val Styremedlem
Marit Kvamen (1993) Hordaland Ungdomslag Attval, 1 år 1. vara til styret
Torgeir Tønnevold Fiane (1994)Aust-Agder Ungdomslag Ny, 1 år 2. vara til styret
Siri Mæland (1974) Sør-Trøndelag Ungdomslag Attval, 1 år 3. vara til styret

Fleire aktualitetar
Sjå alle
Nytt liv i gamle bygg – Kulturbygg lanserer Gjenklang
Korleis kan gamle, tomme bygg få nytt liv, og samtidig revitalisere lokalsamfunnet? Dette er spørsmålet Kulturbygg vil svara på med si nye nasjonale satsing Gjenklang, som blei lansert på Sentralen i Oslo tysdag 11. november.
11. november 2025


Ny sjekkliste skal hjelpe kulturaktørar å nå fleire
Kulturalliansen lanserer Kulturvrettleiaren. Eit nytt verktøy for meir inkluderande og tydeleg kommunikasjon i frivillig kulturliv.
5. november 2025


Rådgjeving for frivillige kulturhus må styrkjast
Noregs Ungdomslag deltok denne veka på høyring i Familie- og kulturkomiteen på Stortinget, der dei løfta fram behovet for å styrkje rådgjevinga til frivillig eigde kulturhus over heile landet.
5. november 2025
