Hopp til hovedinnhold

NU-helga 2026•Påmeldingsfrist 1. juliLes meir og meld deg på her

Arrangement

Landsmøtet 2020

Over 70 utsendingar frå lokal- og fylkeslaga i Noregs Ungdomslag var samla til digitalt landsmøte 26. september.

Det var første gongen sidan 1896 at landsmøtet ikkje var fysisk saman i éin møtesal, men det la ikkje dempar på ordskiftet og engasjementet frå delegatane.

Sak 4 skapte som venta debatt
Som venta var det sak 4: forhandlingar med Frilynt Norge som fekk flest delegatar til å teikna seg. Styret endra på sitt framlegg til vedtak under debatten, og dette framlegget fekk fleirtal under røystinga. Vedtaket vart slik:

  1. Landsmøtet ber styret om å gjennomføre ei brei og prinsipiell utgreiing om NU som organisasjon. Styret involverer lokallag og fylkeslag i prosessen med utgreiinga om NU som organisasjon.
  2. Styret får fullmakt om å starte samtalar med Frilynt Norge.
  3. Utgreiinga om NU som organisasjon skal vere med å danne grunnlaget for forhandlingar med Frilynt Norge om ei eventuelt samanslåing av organisasjonane. Saka skal leggjast fram for landsmøtet i 2022.

Arbeidsprogram 2021 - 2022
Nytt arbeidsprogram for 2021 vart vedteke, og det kan du lese her på heimesida vår .

Fråsegner
Landsmøtet vedtok to fråsegner / politiske utsegner, med desse temaa:
1. Rammevilkår for demokratiet
2. Hundre år med nordisk folkedanssamarbeid
Du kan lese begge fråsegnene her

Nyvalt styre i NU
Etter landsmøtet 26. september ser NU-styret slik ut:

Leiar (attvalt): Torbjørn Bergwitz Lauen, Bygdelagssamskipnaden
Politisk nestleiar: Tone Mjelde, Hordaland Ungdomslag
Organisatorisk nestleiar: Terje Svindseth, Bygdelagssamskipnaden
Styremedlem (ny): Irene Dahl, Troms Ungdomsfylking
Styremedlem (ny): Bjørn Arve Moen, Inn-Trøndelag Ungdomssamlag
Styremedlem: Nina Byttingsmyr, Aust-Agder Ungdomslag
Styremedlem: Maria Austbø, Bygdelagssamskipnaden

1. vara til styret: Mona Husby, Inn-Trøndelag Ungdomssamlag
2. vara til styret (ny): Jostein Apeland, Rogaland Ungdomslag
3. vara til styret (ny): Marit Kvamen, Hordaland Ungdomslag

Fleire aktueltsaker

Sjå alle
Biletet viser ein mann som står på ein stige og koplar til ledning i veggen. Det står ein anna mann framfor han og ser på kva han gjer.

Kulturbyggstøtte gir firedobbel effekt

Sidan 2016 har Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Huset i Bygda delt ut 15,3 millionar kroner til ungdomshus, grendahus og samfunnshus i fylket. Ein ny rapport viser at kvar krone har utløyst nesten fire kroner i lokal investering.

29. september 2026

Dugnad på Folkvang ungdomshus på Gran, eigd av Fagerlund Ungdomslag

Pressemelding: Levande møteplassar over heile landet

Arena for nabolagshus styrker samarbeidet mellom aktørane som arbeider for gode lokale møteplassar over heile landet. Noregs Ungdomslag og SoCentral får saman ansvar for den daglege drifta ut prosjektperioden, og det vil bli prøvd ut ein meir formalisert struktur for styringsgruppa. Arbeidet er gjort mogleg av ei ny tildeling på 4 millionar kroner frå Sparebankstiftelsen DNB, som skal nyttast til å vidareutvikle arenaen og mobilisere fleire samarbeidspartnarar og rammevilkårsetjarar. 22. september inviterer arenaen til sparringsverkstad under Kulturarenakonferansen i Oslo.

17. september 2026

Landsmøtet 2020 | Noregs Ungdomslag