Hopp til hovedinnhold

NU-helga 2026•Påmeldingsfrist 1. juliLes meir og meld deg på her

Arrangement

Landsmøtet blir sendt direkte på nett

Landsmøtet i helga blir filma og sendt på nett via vår youtube-kanal, og de kan difor følge med på møtet sjølv om de ikkje har hatt høve til å reise til Oslo denne helga.

Landsmøtet i år blir filma og sendt direkte på vår Youtube-kanal på nett, så dei som ikkje har hatt høve til å reise, kan følge med. Bildet er frå landsmøtet i 2020. Foto: Inger Johanne Ruset / NU

Vi har gjort avtale med ein dyktig gjeng med IKT- og mediefagelevar ved Nannestad vidaregåande om å strøyme landsmøtet. Gjennom medielinja har dei ei eiga elevbedrift der dei både tek på seg oppdrag med filming, dokumentasjon, marknadsføring og strøyming.

Lenke til direktesendinga på laurdag finn du her

Lenke til direktesendinga på søndag finn du her

Fleire aktueltsaker

Sjå alle
Biletet viser ein mann som står på ein stige og koplar til ledning i veggen. Det står ein anna mann framfor han og ser på kva han gjer.

Kulturbyggstøtte gir firedobbel effekt

Sidan 2016 har Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Huset i Bygda delt ut 15,3 millionar kroner til ungdomshus, grendahus og samfunnshus i fylket. Ein ny rapport viser at kvar krone har utløyst nesten fire kroner i lokal investering.

29. september 2026

Dugnad på Folkvang ungdomshus på Gran, eigd av Fagerlund Ungdomslag

Pressemelding: Levande møteplassar over heile landet

Arena for nabolagshus styrker samarbeidet mellom aktørane som arbeider for gode lokale møteplassar over heile landet. Noregs Ungdomslag og SoCentral får saman ansvar for den daglege drifta ut prosjektperioden, og det vil bli prøvd ut ein meir formalisert struktur for styringsgruppa. Arbeidet er gjort mogleg av ei ny tildeling på 4 millionar kroner frå Sparebankstiftelsen DNB, som skal nyttast til å vidareutvikle arenaen og mobilisere fleire samarbeidspartnarar og rammevilkårsetjarar. 22. september inviterer arenaen til sparringsverkstad under Kulturarenakonferansen i Oslo.

17. september 2026

Landsmøtet blir sendt direkte på nett | Noregs Ungdomslag