Landsrådsmøte 15.-17. oktober
Landsrådsmøtet i Noregs Ungdomslag vert halde 15.-17. oktober 2021 i Oslo. Møtet er for alle fylkeslaga i NU, og vi håpar gjerne at vi får med fleire nye ansikt på møtet til hausten.

Rammene rundt møtet
Møtet er lagt til Oslo, same helga som vi arrangerer teaterseminar. Møte- og overnattingsstad blir Radisson Blu Hotel Scandinavia Hotel.
For dei av dykk som kjem inn på fredagen er det mogleg å vere med på teaterførestillinga «Om Mus og Menn» på Det Norske Teatret kl.20:00.
Påmelding til denne førestillinga finn de i påmeldingsskjemaet for landsrådsmøtet. Prisen er kroner 450,-. For dei av dykk som ikkje vil på teater, og kjem på fredag, kan vi foreslå konserten med gruppa Blåmann Blåmann på Rockefeller, og her opnar dørene kl 20.00. Billettar til denne konserten må de bestille sjølve via Rockefeller. Prisen er kroner 450,-.
Vi kjem tilbake med meir informasjon om programmet på laurdag og søndag, og eventuelt sosiale aktivitetar laurdagen.
Om landsrådet:
Landsrådet er eit rådgjevande organ for styret, og er samansett av fylkeslagsleiarane. Fylkeslaga har møteplikt på møtet, så dersom fylkeslagsleiaren ikkje har høve til å møte, kan de sjølvsagt stille med ein annan representant frå fylkeslaget. Det er også mogleg å stille med fleire representantar frå fylkeslagsstyret, om ein ønskjer dette.
I år ønskjer vi å stimulere til at fleire i aldersgruppa 14 – 26 år deltek på landsrådsmøtet, og ønskjer med dette å dekkje kostnadane for deltaking for ein person i denne aldersgruppa frå kvart fylkeslag. Vi vil då dekke reise og opphald for denne personen, så vi oppmodar alle fylkeslaga om å ta med seg eller sende ein deltakar i denne aldersgruppa. Vi har fått støtte frå LNU til dette tiltaket. Føremålet med å ta invitere yngre til landsrådsmøtet, er å gi dei ein moglegheit til å bli betre kjent med arbeidet i organisasjonen, både regionalt og sentralt.
Førebels sakliste/tema for møtet:
- Evaluering av Landsmøtet 2021
- Framdriftsplan for diskusjonar om eventuell samanslåing med Frilynt
- Ny langtidsplan for NU
- Sommarleiren 2022
- Storkurs i heile landet
- Bunad til UNESCO
Tidsramme for møtet:
Møtet vil starte laurdag kl. 9 og blir avslutta søndag kl. 15.
Prisar:
Deltakarpris for landsrådsmøtet er kr 4400,- per person. Dette inkluderer overnatting i enkeltrom frå fredag til søndag, og alle måltid laurdag og søndag. Det er også mogleg for to som reiser i lag å overnatte i dobbeltrom, og då vil prisen bli 3500,- per person. Dette inkluderer overnatting i dobbeltrom frå fredag til søndag, og alle måltid laurdag og søndag. Pris utan overnatting blir kr 1950,- per person. Dette inkluderer møtet og alle måltid laurdag og søndag (lunsj begge dagar, pausemat begge dagar og middag på laurdag).
Viktige fristar:
Påmeldingsfristen er utvida til 1. oktober Meld deg på ved å gå til påmeldingsskjema ved å trykke her.
Fylkeslaga blir oppmoda om å melde inn saker til saklista dersom ein har spesielle tema ein gjerne vil ha drøfta i landsrådet. Saker kan meldast inn på påmeldingsskjemaet. Sakspapir vil bli sendt til dei påmeldte deltakarane i slutten av veke 40.

Fleire aktueltsaker
Sjå alle
Kulturbyggstøtte gir firedobbel effekt
Sidan 2016 har Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Huset i Bygda delt ut 15,3 millionar kroner til ungdomshus, grendahus og samfunnshus i fylket. Ein ny rapport viser at kvar krone har utløyst nesten fire kroner i lokal investering.
29. september 2026


Pressemelding: Levande møteplassar over heile landet
Arena for nabolagshus styrker samarbeidet mellom aktørane som arbeider for gode lokale møteplassar over heile landet. Noregs Ungdomslag og SoCentral får saman ansvar for den daglege drifta ut prosjektperioden, og det vil bli prøvd ut ein meir formalisert struktur for styringsgruppa. Arbeidet er gjort mogleg av ei ny tildeling på 4 millionar kroner frå Sparebankstiftelsen DNB, som skal nyttast til å vidareutvikle arenaen og mobilisere fleire samarbeidspartnarar og rammevilkårsetjarar. 22. september inviterer arenaen til sparringsverkstad under Kulturarenakonferansen i Oslo.
17. september 2026


Dans for born og ungdom på Ungdomshuset også i haust
Dans utan grenser Leikanger startar opp att med danseverkstad for born og ungdom på Leikanger ungdomshus 24. august 2026.
12. august 2026

