Hopp til hovedinnhold

NU-helga 2026•Påmeldingsfrist 1. juliLes meir og meld deg på her

Les resultatet frå runde 1 av "Kven veit?" her

På grunn av COVID-19 manglar det framleis svar frå nokre lag, som kan endre resultata frå første runde, men uansett har Teaterlaget i BUL Oslo gjort det særs bra med 29 av 30 moglege poeng!

Det blir spanande å sjå om Teaterlaget klarer å halde koken i neste runde! Hakk i hæl følgjer Hugnad UL med 28 poeng. Etter dette er det tett nedover, Hordalaget i Oslo og Innstranda UL, deler tredjeplassen med 26 poeng. Det er òg tre lag som deler fjerdeplassen med 25 poeng, så ingen ting er avgjort!

Vi oppmodar òg laga om å sende inn resultata på e-post eller MMS. Vi har i år store problem med at Posten har sendt alle svara til feil mottakar, noko som har forsinka resultatframlegginga.

God påske!

Fleire aktueltsaker

Sjå alle
Biletet viser ein mann som står på ein stige og koplar til ledning i veggen. Det står ein anna mann framfor han og ser på kva han gjer.

Kulturbyggstøtte gir firedobbel effekt

Sidan 2016 har Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Huset i Bygda delt ut 15,3 millionar kroner til ungdomshus, grendahus og samfunnshus i fylket. Ein ny rapport viser at kvar krone har utløyst nesten fire kroner i lokal investering.

29. september 2026

Dugnad på Folkvang ungdomshus på Gran, eigd av Fagerlund Ungdomslag

Pressemelding: Levande møteplassar over heile landet

Arena for nabolagshus styrker samarbeidet mellom aktørane som arbeider for gode lokale møteplassar over heile landet. Noregs Ungdomslag og SoCentral får saman ansvar for den daglege drifta ut prosjektperioden, og det vil bli prøvd ut ein meir formalisert struktur for styringsgruppa. Arbeidet er gjort mogleg av ei ny tildeling på 4 millionar kroner frå Sparebankstiftelsen DNB, som skal nyttast til å vidareutvikle arenaen og mobilisere fleire samarbeidspartnarar og rammevilkårsetjarar. 22. september inviterer arenaen til sparringsverkstad under Kulturarenakonferansen i Oslo.

17. september 2026

Les resultatet frå runde 1 av "Kven veit?" her | Noregs Ungdomslag