Lokal jubileumsfeiring søk innan 1. juni
Som ein del av markeringa av at Noregs Ungdomslag fyller 125 år i 2021 ønskjer vi å oppmode lokallag til å arrangere jubileumsfeiringar.

Lokallag kan søkje om tilskot på mellom 2.000,- og 20.000,- til sitt arrangement. Arbeidsutvalet vil behandle alle innkomne søknadar etter fristen og lokallaga vil så få beskjed om kven som får tilskot.
Tilskot vil bli utbetalt etter gjennomført jubileumsfeiring. Viss eit lag ikkje har moglegheit til å gjennomføre arrangementet utan utbetaling av tilskot, kan dei søkje om å få dette utbetalt på førehand. Nærmare informasjon om dette kjem i eventuelt tilsagnsbrev.
Kriterium for arrangementet:
- Ope for alle medlemmar i laget
- Minimum 10 deltakarar
- Bli gjennomført mellom 1.august og 1.desember 2021
- Skal spegle aktivitet i laget
- Tilskot skal gå til jubileumsarrangement
- Arrangementet må bli dokumentert ved film og/eller foto
Søknadsfrist: 1. juni (utsatt frå 1. mai)
Fyll ut skjemaet som det er lenka til under og returner saman med budsjett til post@ungdomslag.no innan fristen. Merk e-posten med «søknad jubileumsfeiring».

Fleire aktueltsaker
Sjå alle
Kulturbyggstøtte gir firedobbel effekt
Sidan 2016 har Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Huset i Bygda delt ut 15,3 millionar kroner til ungdomshus, grendahus og samfunnshus i fylket. Ein ny rapport viser at kvar krone har utløyst nesten fire kroner i lokal investering.
29. september 2026


Pressemelding: Levande møteplassar over heile landet
Arena for nabolagshus styrker samarbeidet mellom aktørane som arbeider for gode lokale møteplassar over heile landet. Noregs Ungdomslag og SoCentral får saman ansvar for den daglege drifta ut prosjektperioden, og det vil bli prøvd ut ein meir formalisert struktur for styringsgruppa. Arbeidet er gjort mogleg av ei ny tildeling på 4 millionar kroner frå Sparebankstiftelsen DNB, som skal nyttast til å vidareutvikle arenaen og mobilisere fleire samarbeidspartnarar og rammevilkårsetjarar. 22. september inviterer arenaen til sparringsverkstad under Kulturarenakonferansen i Oslo.
17. september 2026


Dans for born og ungdom på Ungdomshuset også i haust
Dans utan grenser Leikanger startar opp att med danseverkstad for born og ungdom på Leikanger ungdomshus 24. august 2026.
12. august 2026

