Hopp til hovedinnhold

NU-helga 2026•Påmeldingsfrist 1. juliLes meir og meld deg på her

Nyheiter

Medlemsnytt frå Noregs Ungdomslag - januar 2024

I desse dagar sender vi ut første utgåva av det nye nyheitsbrevet til Noregs Ungdomslag - medlemsnytt.

Logoen til Noregs Ungdomslag, tekst ved siden av "Medlemsnytt frå Noregs Ungdomslag"

Medlemsnytt kjem til å bli sendt ut fire gonger i året, og vil innehalde informasjon om det som skjer i organisasjonen.

I denne utgåva av Medlemsnytt finn du informasjon om blant anna Akademiefondet, ein dansfestival i Oslo og mykje anna gøy.

Du kan lese nyheitsbrevet her.

No i starten kjem medlemsbrevet til å bli sendt ut puljevis til medlemmar. Det har og blitt sendt til alle lokallag, og vi håpar de delar det vidare med medlemmane i laget.

Ønskjer du å vere blant dei første som mottar Medlemsnytt, så kan du abonnere her.

Fleire aktueltsaker

Sjå alle
Biletet viser ein mann som står på ein stige og koplar til ledning i veggen. Det står ein anna mann framfor han og ser på kva han gjer.

Kulturbyggstøtte gir firedobbel effekt

Sidan 2016 har Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Huset i Bygda delt ut 15,3 millionar kroner til ungdomshus, grendahus og samfunnshus i fylket. Ein ny rapport viser at kvar krone har utløyst nesten fire kroner i lokal investering.

29. september 2026

Dugnad på Folkvang ungdomshus på Gran, eigd av Fagerlund Ungdomslag

Pressemelding: Levande møteplassar over heile landet

Arena for nabolagshus styrker samarbeidet mellom aktørane som arbeider for gode lokale møteplassar over heile landet. Noregs Ungdomslag og SoCentral får saman ansvar for den daglege drifta ut prosjektperioden, og det vil bli prøvd ut ein meir formalisert struktur for styringsgruppa. Arbeidet er gjort mogleg av ei ny tildeling på 4 millionar kroner frå Sparebankstiftelsen DNB, som skal nyttast til å vidareutvikle arenaen og mobilisere fleire samarbeidspartnarar og rammevilkårsetjarar. 22. september inviterer arenaen til sparringsverkstad under Kulturarenakonferansen i Oslo.

17. september 2026

Medlemsnytt frå Noregs Ungdomslag | Noregs Ungdomslag