Minnepris til hardingfeleutøvar frå Osterøy
Audhild Flaktveit Moxnes sin minnepris til unge utøvarar på hardingfele 2020 er tildelt 16 år gamle Hannah Moira Midtbø–Bruner, frå Osterøy.

Prisen, som er på 15 000 kroner, blir delt ut på Osafestivalen på Voss søndag 25. oktober.
Hannah Moira er 16 år – og begynte å spele hardingfele allereie som 4-åring.
Ho gjer det skarpt på instrumentet sitt- og har i år motteke Norsk Kulturskuleråd sitt Draumestipend og Arna og Osterøy sitt kulturstipend for unge talent. Ho har sidan ho starta å spele- vore aktiv i Osterøy spel og dansarlag – seinare også fleire år i Bergen juniorspelemannslag. Ho har ei viktig rolle i begge laga.
Hannah spelar og i grupper – der ho likar utfordringar med tanke på gode arrangement av slåttemusikken. Interessa for dansespel visar ho som dansespelemann i dei lokale danselaga.
Kandidaten er ein svært dyktig soloutøvar som bidreg aktivt på scena i mange samanhengar- og ho kan vise til gode plasseringar på kappleikar både lokalt og på landsbasis.
Kandidaten har hatt Håkon Høgemo som lærar sidan ho var barn, og ho spelar fortsatt hjå han. I seinare år har ho og hatt Maria Toppe som lærar.
Kandidaten er nå elev ved musikklinja på Langhaugen vidaregåande skule.
Ho er ein allsidig musikar. I tillegg til å dyrke hardingfelespel spelar ho både norsk og canadisk folkemusikk på flatfele, og ho spelar klassisk fiolin.
Formålet med minneprisen er å oppmuntre unge lovande utøvarar på hardingfele frå vestlandet. Prisen er etablert til minne om Audhild Flaktveit Moxnes som var aktiv utøvar på hardingfele. Audhild omkom i ei trafikkulukke i Bergen 19. mars 2004, berre 17 år gamal.
Prisen er støtta av Sparebanken Vest og har vore delt ut årleg sidan 2007.
Inga Hilde Breivik har laga diplomet som høyrer til minneprisen.
I styret for minneprisen sit:
Arne Anderdal, Solgunn Margaret Flaktveit, Sigrid Moldestad og Eva Marie Toppe.

Fleire aktueltsaker
Sjå alle
Kulturbyggstøtte gir firedobbel effekt
Sidan 2016 har Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Huset i Bygda delt ut 15,3 millionar kroner til ungdomshus, grendahus og samfunnshus i fylket. Ein ny rapport viser at kvar krone har utløyst nesten fire kroner i lokal investering.
29. september 2026


Pressemelding: Levande møteplassar over heile landet
Arena for nabolagshus styrker samarbeidet mellom aktørane som arbeider for gode lokale møteplassar over heile landet. Noregs Ungdomslag og SoCentral får saman ansvar for den daglege drifta ut prosjektperioden, og det vil bli prøvd ut ein meir formalisert struktur for styringsgruppa. Arbeidet er gjort mogleg av ei ny tildeling på 4 millionar kroner frå Sparebankstiftelsen DNB, som skal nyttast til å vidareutvikle arenaen og mobilisere fleire samarbeidspartnarar og rammevilkårsetjarar. 22. september inviterer arenaen til sparringsverkstad under Kulturarenakonferansen i Oslo.
17. september 2026


Dans for born og ungdom på Ungdomshuset også i haust
Dans utan grenser Leikanger startar opp att med danseverkstad for born og ungdom på Leikanger ungdomshus 24. august 2026.
12. august 2026

