Nasjonale smitteverntiltak

Regjeringa innfører frå torsdag 25. mars strengare nasjonale tiltak for heile landet:
- Det blir forbodet med organiserte idretts- og fritidsaktivitetar innandørs for vaksne (frå 20 år). Barn og unge under 20 år kan trene og delta på fritidsaktivitetar som normalt.
- Ha minst mogleg sosial kontakt og avlys alle planlagde arrangement. Om ikkje arrangementet kan bli utsatt gjeld desse reglane:
- Det er tillatt med 20 personar på arrangement innandørs kor alle sit på faste, tilviste sitteplassar.
- Det er tillat med 50 personar på arrangement utandørs.
- Éin-meteren blir no til to-meteren. Bruk av munnbind på alle stader der det ikkje er mogleg å halde avstand på to meter.
Men merk! Desse råda tek utgangspunkt i nasjonale krav og anbefalingar. Det fins òg lokale krav og anbefalingar i kvar kommune, så hald deg oppdatert på kva vedtaka og råda frå helsestyresmaktene i kommunen de høyrer til er. Oppdatert informasjon skal vere tilgjengeleg på heimesida til kommunen,og er de i tvil så oppmodar vi alltid til å ta kontakt med kommunelegen for å få råd og rettleiing.
Les oppdatert rettleiar for smittevern frå Frivilighet Norge her!

Fleire aktueltsaker
Sjå alle
Kulturbyggstøtte gir firedobbel effekt
Sidan 2016 har Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Huset i Bygda delt ut 15,3 millionar kroner til ungdomshus, grendahus og samfunnshus i fylket. Ein ny rapport viser at kvar krone har utløyst nesten fire kroner i lokal investering.
29. september 2026


Pressemelding: Levande møteplassar over heile landet
Arena for nabolagshus styrker samarbeidet mellom aktørane som arbeider for gode lokale møteplassar over heile landet. Noregs Ungdomslag og SoCentral får saman ansvar for den daglege drifta ut prosjektperioden, og det vil bli prøvd ut ein meir formalisert struktur for styringsgruppa. Arbeidet er gjort mogleg av ei ny tildeling på 4 millionar kroner frå Sparebankstiftelsen DNB, som skal nyttast til å vidareutvikle arenaen og mobilisere fleire samarbeidspartnarar og rammevilkårsetjarar. 22. september inviterer arenaen til sparringsverkstad under Kulturarenakonferansen i Oslo.
17. september 2026


Dans for born og ungdom på Ungdomshuset også i haust
Dans utan grenser Leikanger startar opp att med danseverkstad for born og ungdom på Leikanger ungdomshus 24. august 2026.
12. august 2026

