Nettmøte 11. februar
I kor stor grad kan ein gjere om på teksta i eit manus for å tilpasse det til den lokale dialekta? Kor enkelt er det å leggje til musikk i teaterstykket, og kva er eigentleg reglane for streaming og filming av teaterframsyningar?

Pandemien legg føringar både for korleis ein kan øve og for kor stort publikum ein har. Mange grupper er kreative og ønskjer å finne gode, alternative løysingar for å drive aktivitet og for å syne fram det dei har jobba med, kva er eigentleg lov når laget skal sette opp ei teaterframsyning no?
Dramas sitt med svaret på mange av spørsmåla som du som driv amatørteateraktivitet kanskje har. I dette nettmøtet vil dei legge fram eksempel som mange vil kjenne seg igjen i. Dei vil gå gjennom kva som er lov og ikkje når det gjelder endring av manus, musikkbruk, filming og streaming, og dei vil svare på spørsmål som du måtte ha når du no skal planlegge for aktivitet og framsyningar i teatergruppa.
Møte blir helde på den digitale møteplassen Teams.
E-post med lenke til nettmøtet blir sendt ut ca. 1 time før møtestart.

Fleire aktueltsaker
Sjå alle
Kulturbyggstøtte gir firedobbel effekt
Sidan 2016 har Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Huset i Bygda delt ut 15,3 millionar kroner til ungdomshus, grendahus og samfunnshus i fylket. Ein ny rapport viser at kvar krone har utløyst nesten fire kroner i lokal investering.
29. september 2026


Pressemelding: Levande møteplassar over heile landet
Arena for nabolagshus styrker samarbeidet mellom aktørane som arbeider for gode lokale møteplassar over heile landet. Noregs Ungdomslag og SoCentral får saman ansvar for den daglege drifta ut prosjektperioden, og det vil bli prøvd ut ein meir formalisert struktur for styringsgruppa. Arbeidet er gjort mogleg av ei ny tildeling på 4 millionar kroner frå Sparebankstiftelsen DNB, som skal nyttast til å vidareutvikle arenaen og mobilisere fleire samarbeidspartnarar og rammevilkårsetjarar. 22. september inviterer arenaen til sparringsverkstad under Kulturarenakonferansen i Oslo.
17. september 2026


Dans for born og ungdom på Ungdomshuset også i haust
Dans utan grenser Leikanger startar opp att med danseverkstad for born og ungdom på Leikanger ungdomshus 24. august 2026.
12. august 2026

