Nettmøte 15. februar
Polstradisjonane frå Lofoten og Vesterålen er kjent for fart, glede og å vere uberegneleg. Her vil du få eit innblikk i dei ulike tradisjonane som ligg til grunn for Nordlandspolsen som Mali Furunes samla, samt få sjå masse kule arkivklipp frå Andøya, Senja, Lofoten og omegn.

Så bankar dansehjartet ditt ekstra for folkedansen i Nord-Noreg, eller er du berre nyfinken, passar dette nettmøtet perfekt for deg!
Til å leie oss gjennom kvelden har vi fått med oss Sigurd Johan Heide. Sigurd er folkedansar og koreograf frå Grytøya i Troms. Han vaks opp i leikaringen UL Solhov på Grytøya og i Tromsringen, og har mellom anna fått 100 000 danskar til å danse halling. Sigurd jobbar til dagleg ved Norsk Senter for folkemusikk og folkedans i Trondheim, og har vore med på å utvikle både læreplanar og læreverk innan folkedans.
Møtet vil foregå på den digitale plattforma Microsoft Teams.
Det blir sendt ut lenke til møtet på e-post, så meld deg på her!

Fleire aktueltsaker
Sjå alle
Kulturbyggstøtte gir firedobbel effekt
Sidan 2016 har Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Huset i Bygda delt ut 15,3 millionar kroner til ungdomshus, grendahus og samfunnshus i fylket. Ein ny rapport viser at kvar krone har utløyst nesten fire kroner i lokal investering.
29. september 2026


Pressemelding: Levande møteplassar over heile landet
Arena for nabolagshus styrker samarbeidet mellom aktørane som arbeider for gode lokale møteplassar over heile landet. Noregs Ungdomslag og SoCentral får saman ansvar for den daglege drifta ut prosjektperioden, og det vil bli prøvd ut ein meir formalisert struktur for styringsgruppa. Arbeidet er gjort mogleg av ei ny tildeling på 4 millionar kroner frå Sparebankstiftelsen DNB, som skal nyttast til å vidareutvikle arenaen og mobilisere fleire samarbeidspartnarar og rammevilkårsetjarar. 22. september inviterer arenaen til sparringsverkstad under Kulturarenakonferansen i Oslo.
17. september 2026


Dans for born og ungdom på Ungdomshuset også i haust
Dans utan grenser Leikanger startar opp att med danseverkstad for born og ungdom på Leikanger ungdomshus 24. august 2026.
12. august 2026

