Nettmøte: Frå tom scene til full dekk - kva trengs?
Treng du tips til å tenkje nytt om korleis du kan skape scenografi, utnytte scenerommet eller bruke rekvisittar? Vil du vite meir om fornuftig ombruk og gjenbruk av ting og materiale, eller om korleis de i laget kan utnytte lokale ressursar? Kva treng ein eigentleg for å lage teater? Og må alt teater bli spelt på ei scene?

Bli med på nettmøte måndag 22. mars med tidlegare kulturrådgjevar i NU, no rekvisitør på Det Norske Teateret, Åshild Mjelde Nordås. Ho vil vise fram eksempel, dele idear til effektfulle måtar å tenkje scenerom, scenografi og bruk av rekvisittar på, snakke om korleis ein kan skape gode visuelle inntrykk på budsjett og ikkje minst svare på spørsmål frå dykk.

Fleire aktueltsaker
Sjå alle
Kulturbyggstøtte gir firedobbel effekt
Sidan 2016 har Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Huset i Bygda delt ut 15,3 millionar kroner til ungdomshus, grendahus og samfunnshus i fylket. Ein ny rapport viser at kvar krone har utløyst nesten fire kroner i lokal investering.
29. september 2026


Pressemelding: Levande møteplassar over heile landet
Arena for nabolagshus styrker samarbeidet mellom aktørane som arbeider for gode lokale møteplassar over heile landet. Noregs Ungdomslag og SoCentral får saman ansvar for den daglege drifta ut prosjektperioden, og det vil bli prøvd ut ein meir formalisert struktur for styringsgruppa. Arbeidet er gjort mogleg av ei ny tildeling på 4 millionar kroner frå Sparebankstiftelsen DNB, som skal nyttast til å vidareutvikle arenaen og mobilisere fleire samarbeidspartnarar og rammevilkårsetjarar. 22. september inviterer arenaen til sparringsverkstad under Kulturarenakonferansen i Oslo.
17. september 2026


Dans for born og ungdom på Ungdomshuset også i haust
Dans utan grenser Leikanger startar opp att med danseverkstad for born og ungdom på Leikanger ungdomshus 24. august 2026.
12. august 2026

