Hopp til hovedinnhold

Nettmøte om kostyme 15.juni

Tysdag 15.juni kl.19.30 - 20.30 kan du vere med på eit nettmøte om kostymebruk.

Illustrasjon.

Anten teatergruppa skal setje opp lokalrevy, musikal eller utandørsspel treng skodespelarane kostyme. De kan trenge alt ifrå enkle kvardagsantrekk til spektakulære og fargerike spesiallaga kostyme. I dette møtet vil Mette Gøransson i Riksteateret dele av sin rike kompetanse og erfaring slik at de i lokallaga kan få med dykk både gode råd og inspirasjon til neste framsyning.

Mette vil snakke om viktigheita av å starte planlegging av kostyme tidleg og om korleis ein best mogleg kan samarbeide om kostyme i gruppa. Ho vil snakke om å sjå heilskapen i det visuelle uttrykket gruppa ønskjer å vise på scena og ikkje minst kome med gode råd og eksempel på korleis skape, bruke og gjere om kostyme slik at dei får nytt liv.

Mette Gøransson er avdelingsleiar i kostyme-, maske-, og dukkeavdelinga i Riksteateret, der ho har jobba i til saman ca. 20 år, der ho brukte fem av åra til å vere på turné. Mette har arbeidd som leiar for kostymeavdelinga i NRK i seks år. Ho har sveinnebrev som dameskreddar og er utdanna tilskjerar ved Stockholms tilskjerarakademi. Det er ingen tvil om at Mette har brei og god erfaring i utvikling, laging og bruk av kostyme.

Dette nettmøtet er aktuelt for alle de som driv med amatørteateraktivitet, anten du er skodespelar, regissør, kostymeansvarleg eller potet i lokallaget. Mange av oppgåvene i ei amatørteatergruppe blir fordelt mellom alle som deltek, og kven veit, kanskje har de nokre skjulte talent i dykkar gruppe som kan bli den nye kostymeansvarlege i neste prosjekt?

Meld deg på her!

Fleire aktueltsaker

Sjå alle
Lokallag

Fyrets laiv 2026 - Glim

Kultur- og teaterverkstedet Fyret i Sandnessjøen arrangerte 11. oktober sin årlige laiv, denne gangen en fantasy-laiv om det tenkte landet Glim. Det var en firetimers laiv som foregikk i Vakkerdalen ved foten av fjellrekken De syv søstre. Det deltok rundt 90 elever og foreldre.

29. oktober 2026

Biletet viser ein mann som står på ein stige og koplar til ledning i veggen. Det står ein anna mann framfor han og ser på kva han gjer.

Regjeringa kuttar nær éin million til Noregs Ungdomslag

Regjeringa har foreslått å redusere løyvinga til Noregs Ungdomslag med 905 000 kroner. Kuttet vil direkte påverke arbeidet med rådgjeving og kompetanseheving for tusenvis av frivillige som eig og driftar lokale kulturbygg over heile landet.

7. oktober 2026

Nettmøte om kostyme 15.juni | Noregs Ungdomslag